Begge laga tok seg til NM
Både jente- og mixlaget til Fusa vidaregåande skule tok seg til NM i volleyball for vidaregåande skular.
– Begge laga blei nummer to i sine klasser i Hordaland i november. Det er vi kjempenøgde med, seier lagleiar Ragni Hestad.
Plasseringane var altså gode nok til å sikra NM-plass.
Artikkelen held fram under annonsen.
– På jentesida får dei to beste ta del i NM. I mixklassen trur eg det er dei tre beste som får vera med, seier Hestad.
Tapte bronsefinalane i fjor
Siste helga i januar reiser elevane til Kristiansand. Avreise er torsdagen. Kampane blir spelt fredag, laurdag og søndag. Det er fire år sidan skulevolleyball-prosjektet blei starta i Fusa. Prosjektet er for elevar som går på Fusa vgs som vil kombinera toppidrett med skule.
– I fjor klarte begge laga å ta seg til bronsefinalen, der begge diverre tapte. Men det var eit godt resultat, seier Hestad.
Totalt 13 spelarar reiser til Kristiansand. På Fusa vgs er det tre gutar og ti jenter som er med på prosjektet.
– Alle får vera med. Fire av jentene spelar på mixlaget saman med gutane, og resten dannar jentelaget. Ingen av jentene er med på begge laga. Det plar ikkje gå, då dei ofte spelar samstundes, seier Hestad.