Opnar turneen på Eikhaugen

Vidar Johnsen har valt Eikhaugen Gjestegard som fyrste stoppestad på jubileumsturneen.

- Det er me sjølvsagt svært stolte over, seier innehavarane Siv Grethe og Arne-Richard Stadaas.

Den tidlegare Vamp-vokalisten har vore toppartist i heile 30 år, og dette vert markert med noregsturné som startar i oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg som gjesteartist har Johnsen ikkje ukjende Rita Eriksen, som har jobba tett med både Johnsen og Vamp tidlegare.

Konserten på Eikhaugen 15. oktober vert ein intimkonsert på "Høyloftet", der Johnsen har med seg Åge Aleksandersens faste gitartist.