Det er ikkje måte på kor mykje vintertøy fusingane har levert til vinteraksjonen for flyktningar. No inviterer kunturleiar Erik Vangsnes også andre trengjande til å koma å få seg varme klede på klesmarknaden under språkkafeen i ettermiddag.
Det er ikkje måte på kor mykje vintertøy fusingane har levert til vinteraksjonen for flyktningar. No inviterer kunturleiar Erik Vangsnes også andre trengjande til å koma å få seg varme klede på klesmarknaden under språkkafeen i ettermiddag.

Har fått inn enorme mengder med klede

Kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes, er imponert over kor mykje klede dei har fått inn til flyktningane.

Den siste veka har Fusa kommune og Fusa frivilligsentral invitert innbyggjarane i kommunen til å koma med vinterklede til flyktningane som er komne til kommunen det siste året. Gjevargleda har vore enorm.

- Eg har ikkje nett tal på kor mykje klede me har fått, men me kan garantert kle opp langt fleire enn dei 25 flyktningane me har i bygda per dags dato, seier kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klede til alle

Med dei mengdene dei no har Fått ser han for seg at dei kan vinterkle bortimot hundre personar.

- Fusingane har gjeve bidrege så det held. Både i bruktbua og her på kommunehuset har me fått lassevis med posar. No må me berre finna nok folk å gje dei til, humrar Vangsnes.

Han ser det som naturleg at også andre enn flyktningane får tilbod om klede.

- Det er kanskje andre vanskelegstilte i kommunen som treng ekstra klede no i kulda. Dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å koma å finna seg noko som passar, seier Vangsnes.

Ny kledekultur

I ettermiddag vert kleda lagt fram i språkkafeen i dagsentralen på Fusa vidaregåande skule. Me håpar alle som treng noko vart tøy no i vinterkulda finn vegen, seier Vangsnes.

For flyktningane ser han for seg at det kanskje vert behov for litt forklaring og "guiding".

- Folk som kjem frå områda rundt Ekvator er sjølvsagt ikkje van med slike vinterklede som me brukar her til lands. Men i denne kulda har dei ikkje noko val. Varmt tøy må dei ha på seg, så gjeld det for oss å hjelpa dei å finna klede som dei også er komfortable med, seier Vangsnes.