Fryktar ny «Nina»
Fylkesmannen seier nei til å la Eide Fjordbruk utvida produksjonsområdet i Lindås av verneomsyn. - Alternativet er å bruka om att anlegget som ikkje tolte orkanen «Nina», sukkar dagleg leiar, Knut Frode Eide.
Om fire veker skal Eide Fjordbruks oppdrettsfisk setjast ut ved Ospeneset i Lindås.
Før den tid, hadde dei vona å kunne ta i bruk eit nyinnkjøpt og solid anlegg med plastringar i rammefortøyningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi vil byggja eit anlegg som er rømningssikkert og toler vêr og vind, seier Eide.
Det førre anlegget i stål, havarerte nemleg under orkanen Nina i januar. Noko som førte til rømming av fisk og store kostnader og økonomiske tap for Fusa-bedrifta.
Verna område
Ulempa ved det nye anlegget, er at forankringssystemet krev eit langt større areal. Dermed vil oppdrettsanlegget gå utanfor området som i kommuneplanen er regulert til akvakultur, og inn i eit område som kommuneplanen har avsett til "bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone". Dette skrivBergens Tidende.
Lindås kommune har likevel sagt ja til å gje delvis dispensasjon. Men fylkesmannen i Hordaland seier nei.
- Vi tek ikkje standpunkt for eller mot utviding, men meiner kommunen må følgja reguleringsplanen og saka følgja planvegen. Dersom vedtak om utviding av oppdrettsanlegg skjer ved dispensasjonar, risikerer ein stadige utvidingar utan ein god nok plan, seier assisterende fylkesmann Rune Fjeld til BT.
Stressa
- Vi er rimeleg stressa no. Fisken må i fjorden om fire veker, så det er knapt med tid, seier Eide.
Han synest det er eit paradoks at Fylkesmannen, i hans auge, avgrensar den lokale styringsretten, samtidig som regjeringa har lagt fram forslag til forenkling av dispensasjonsreglane etter plan- og bygningslova. Noko som også gjeld oppdrettsanlegg. Saka er ute på høyring fram til 15. november.
- Vi finn det merkeleg at ei slik forenkling er på trappene samtidig som Fylkesmannen i Hordaland strammar kraftig inn på kommunane sitt høve til å gje dispensasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men du forstår vel at det er Fylkesmannens oppgåve å ta omsyn til eit verna friluftsområde?
- Ja, eg skjønar at Fylkesmannen skal passa på at kommunen følgjer sine eigne planar. Samtidig er ikkje kommuneplanen tilpassa det behovet som oppdrettsnæringa har. Og i denne saka har jo Lindås kommune sagt ja, seier Eide.
Redde
Så langt har Eide Fjordbruk investert 60 millionar kroner i nytt utstyr. No risikerer dei at anlegget vert liggjande på land, og at dei heller må ta i bruk eit reparert stålanlegg.
- Vi er redde for kva som skjer om vi opplever ein ny «Nina». Vi fekk eit enormt arbeid med gjenfangst av fisk, opprydding på lokaliteten og eit mediekjør utan like, seier Eide oppgitt.
- Anlegget er produsert og ligg på sjø i påvente av å kunna fortøyast på lokaliteten. Vi er sjølvsagt redde for at denne investeringa ikkje kan takast i bruk og at me i verste fall må leggja ut att det gamle stålanlegget for å koma oss innanfor gjeldande akvakultur-område. Den løysinga er det ingen som ynskjer, seier han.
Trass i at Fylkesmannen har sagt nei, står Lindås kommune fast på sitt ynske om dispensasjon. Saka vert no sendt via departementet til ein settefylkesmann som skal avgjera saka.