Bru på gang etter år på planen
Gangbrua som er under bygging ved Opsalmarka har stått på planen heilt sidan 2010. Om ein månads tid står ho endeleg klar.
Dei siste månadene har det vore hektisk byggearbeid ved krysset der vegen går inn mot Framo Aktiv og Opsalmarka.
Sidan november har ei stor og solid gangbru sakte teke form. Om omlag ein månad er det venta at han står ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gangbrua har stått på trafikksikringsplanen til Fusa kommune i mange år, og er ein del av reguleringsplanen for byggefeltet Opsalmarka.
I Facebookgruppa Kvardagsprat i Fusa har brua skapt diskusjon.
- Dette har lenge vore ein farleg plass å kryssa vegen. Vegvesenet sette derfor krav om at det blei bygd enten overgang eller undergang, for å sørgja for trygg ferdsel, fortel einingsleiar for teknisk drift i Fusa kommune, Øystein Havsgård.
Ein landa på bru av tryggleiks- og bruksomsyn.
- Vegvesenet bestemte at det er det beste, og vil bli mest brukt, seier Havsgård.
Tilbake i 2010 då Os og Fusaposten omtalte saka, hadde han eit håp om at arbeidet ville bli gjort i første halvdel av 2011. Men det drog ut. Mellom anna fordi mange forskjellige bruløysingar vart vurderte.
- Lette, smale stålbruer var blant det som vart vurdert. Men dei kan ikkje brøytast på. Bru med golv av metallrister vart også vurdert, men med dei holete ristene er det fare for at ting fell ned på bilane som køyrer under. Til slutt avgjorde Vegvesenet at det måtte byggjast ei bru av den typen som no blir sett opp. Dei har bestemt standarden, forklarer Havsgård.
Dette er ei bru som er sterk nok, har nok breidde og dimensjonar for å kunna brøytast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Brøyting blir lettare når ein normal traktor kan passera over brua, noko som igjen kan gjera det meir freistande for folk å bruka ho heile året, seier Havsgård.
I arbeidet med reguleringsplanen vart det vedteke at ein kunne byggja eit visst antal hus før overgangen måtte stå ferdig. Det var ikkje meininga at det skulle gå så lang tid som det har gjort.
- Det har teke frykteleg lang tid, noko som både skuldast ting her hos oss og hos Vegvesenet. Blant anna har vi skifta folk på prosjektet undervegs, både her og hos dei. Men mest har det med at dei endra krava fleire gonger undervegs.
Brua vart støypt i november. I desse dagar lagar dei tilførselsveg på sørvestsida.
- Vi reknar med ho står ferdig om ein månads tid, seier Havsgård.
Brua blir betalt av Fusa kommune og har stått på budsjettet sidan 2010. Den gongen vart det sett av 2,5 million i investeringsbudsjettet.
- Vi endar nok på 4,5 million pluss moms, men ein kan ikkje samanlikna den brua ein såg for seg i 2010, med den vi har enda opp med. I tillegg må ein tenkja på prisutviklinga.