Sa førebels nei til kyrkjetunet
- Det nye kyrkjetunet er grunngjeve i at kyrkja i Os veks, men både tal konfirmantar og kyrkjebesøk er synkande, sa rådmann Knut Terje Rekve. Formannskapet tvilte seg fram til ei utsetjing av saka om garanti og støtte til bygget.
Kyrkja i Os søkte formannskapet om å stilla garanti for den nye kyrkjelydssalen som vona var å starta bygginga på i år. Men i dagens møte opplevde politikarane at saka ikkje var godt nok utgreidd. Innstillinga frå administrasjonen var også negativ.
Rådmann Knut Terje Rekve var skeptisk både til økonomien i prosjektet, og på eit meir generelt grunnlag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er sjeldan eg har sett meg inn i ei sak der eg ser at risikoen er så stor. Dersom ein går inn for dette, må ein ta inn over seg at ein står i fare for å faktisk måtta innløysa garantien, sa Rekve.
Soknerådet søkjer om garanti for 16. mill. kroner, og i tillegg eit investeringstilskott på 6 mill. kroner.
- Kyrkja veks ikkje
Rekve argumenterte vidare med at behovet for det nye bygget er grunngjeve i ein folkevekst i Os, men han meinte at kyrkja i Os ikkje har så mykje vekst å skryta av.
- Talet medlemmer går nedover. Talet konfirmantar er synkande, og kyrkjebesøket er relativt lågt samanlikna med omeignskommunane, sa Rekve.
Marie Bruarøy (H), som også er kommunens representant i kyrkjestyret, innvendte at ein svært stor del av innbyggjarane er medlem i kyrkja. Dei siste Kostra-tala syner at 82 prosent er medlemmer (ein marginal nedgang frå fjoråret), og t.d. talet døypte gjekk opp frå 69 prosent i 2013 til 71 prosnet i 2014.
- Ja, det er klart at ved livets inngang er det slik, men det skjer ofte noko i løpet av livet. No går me mot eit fleirkulturelt samfunn, og me bør heller innretta oss mot det. Skal kvar gruppering ha sine eigne lokale, vert det dyrt, sa Rekve.
Terje Sperrevik (TvS) var ikkje like skeptisk som rådmannen, men var einig i at kyrkja burde tenkja på om det nye kyrkjetunet burde tilretteleggjast for fleire religiøse grupperingar.
Mange spørsmål
Men økonomien i det var hardast å svelja for politikarane. Garantibeløpet ville vore det største Os kommune har sagt ja til. Den så langt største er Nøtteliten barnehage, der Os kommune stilte med 12 mill. kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes ga likevel uttrykk for at Frp/H var positive til å stilla med garanti.
- Me har alt gjeve positive signal til prosjektet, seinast i ein debatt i valkampen som fann stad i kyrkjetunet. Det var det for øvrig mange parti som gjorde. Me har tidlegare vore positive til å gje garantiar - dette fordi det set kommunen totalt sett i stand til å gjera meir enn kva me elles ville fått gjort berre med eigne midlar, sa Søviknes.
Når dei likevel ikkje ville gå for positivt vedtak handla det om fleire spørsmål den Frp og H sat med.
- Beløpet på tilskotet, 6 mill. kroner, er større enn kva me hadde sett for oss. Driftsmodellen set eg også spørsmålsteikn ved. Det står at soknerådet ser for seg å omprioritera driftstilskot som kjem frå kommunen. Samtidig har me høyrt fleire gonger kor mykje dei treng pengar til ei diakonstilling. Så kva er det eigentleg som vert skadelidande her? spurde Søviknes.
- Det står også om at leigesatsane skal auka. Kva grupper er det som skal betala høgare leige for å bruka kyrkjetunet? spurde Marie Bruarøy.
Og kyrkjeverje Gerhard August Hansen var i Oslo, og hadde ikkje høve til å svara på spørsmåla.
For og mot
Varaordføraren var eigentleg positiv til prosjektet, og poengterte at kyrkja gjer eit svært godt arbeid for mange unge.
- Dette er rein førebygging, på lik linje med den idretten og kulturlivet elles står for, sa ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lars Atle Skorpen (Ap) var negativ til å gje kommunal garanti og tilskot, fordi han meinte kommunen rett og slett ikkje har råd. Dette var også essensen i administrasjonen si negative innstilling.
- Mi haldning har ikkje med å gjera talet utmeldte i kyrkja eller kor godt ungdomsarbeidet måtte vera eller ikkje vera. Det handlar om at me rett og slett må konsentrera oss om kjerneoppgåvene våre i den økonomiske situasjonen me vil få framover, sa Skorpen.
Han fekk støtte av Jon Sivert Rykkel (V):
- Når rådmannen meiner at her er det veldig stor risiko, då ligg egentlig bevisbyrda på søkjaren. Her treng me meir kjøt på beinet, sa Rykkel.
Behandling
Før votering vart det semje om å invitera kyrkja til budsjettkonferansen i November slik at politikarane kunne få svar på spørsmåla sine og at saka kunne grunngjevast noko betre. Voteringa gav utsetjing av saka, med ein protkollmerknad frå Frp/H som Venstre slutta seg til. Den lydde slik: "Frp/H er positive til å stilla kommunal garanti for byggjetrinn tre. Me vil koma attende til endeleg handsaming av saka i kommunestyret".
Det vert dermed først i kommunestyrets budsjettvedtak i desember denne saka vil få sitt endelege svar.