I år er det Leif Østrem, barnebarnet til Marie Østrem, som skal framføra Til Ungdommen. Biletet er frå 8. mai-markeringa i 2015.
I år er det Leif Østrem, barnebarnet til Marie Østrem, som skal framføra Til Ungdommen. Biletet er frå 8. mai-markeringa i 2015.

– Alle er velkomne!

Måndag 8. mai er det markering av frigjeringsdagen og veterandagen i Minneparken, med påfølgjande samling i Kløvertun. Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh håpar på stort oppmøte, på ein viktig dag.

Osøyro

– Prossesjonen startar ved Rådhuset klokka 11.15, og alle er velkomne til å vera med. Musikkinnslaget er frå Os skulekorps. Sjølve markeringa i Minneparken startar 11.30, seier Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjester frå Amerika

Dei siste åra har færre møtt opp enn tidlegare år. Kobbeltvedt og Osablod Grønvigh håpar at fleire vil ta turen i år, særleg då ein i etterkant av markeringa skal samlast berre eit steinkast unna Minneparken.

– Det er nytt i år at vi samlast i Kløvertun. Det er tinga inn snittar og mat nok til at alle skal få. Det er ein uformell samling, der ein kan ta ordet om ein føler for å seia noko. Og, igjen, samlinga er for alle, seier Kobbeltvedt.

I år kjem det gjester langvegs frå for å ta del i markeringa.

– Det kjem amerikanarar. Slekt av Ole Kobbeltvedt, som fall i Skjervet utanfor Voss i aprildagane i 1940, har lagt om på reiseplanane i Noreg for å ta del i markeringa, seier Osablod Grønvigh.

Kastar glans

I år er det Leif Østrem som skal synga «Til Ungdommen». Med seg har han superpianist Knut Vidar Garlid.

– Leif er som mange kanskje veit, barnebarnet til Marie Østrem. Til Ungdommen er alltid med, framført av ulike personar kvart år. Den blei til og med kveda for nokre år sidan, seier Osablod Grønvigh.

Det kjem vaktsoldatar frå Ulven leir, og Speidaren kjem og legg ned ni kransar på kyrkjegarden.

– Ein fin tradisjon, seier Kobbeltvedt og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– 4. trinn på Os barneskule kjem også og kastar glans over samlinga. Det synest vi er veldig kjekt.

Anne Lyssand frå Os lennsmannskontor er hovudtalar. Ordførar Marie Bruarøy er leiar programmet.