Snart går startskotet i Alta
Ariel Braathen er på plass i symjehallen i Alta, klar for å tevla om nye topplasseringar i UM/NM.
Symjetalentet frå Søfteland reiste i går. Då me snakka med ho i dag tidleg, var ho i hallen for siste økt før alvoret starta.
- Eg har ikkje dei heilt store ambisjonane for denne meisterskapen. Eg må berre fokusera på arbeidsoppgåvene mine, og satsa på å koma så nært dei personlege rekordane som mogleg, seier Braathen og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg blir sjølvsagt veldig nøgd om det blir ein ny pers i helga!
Argaste konkurrent
Om nokre timar er ho i gang med 200 meter bryst. Der skal ho symja mot eitt år eldre Silje Mikkelsborg, som er hennar argaste konkurrent.
- Eg sym mot ho heile tida. Det er nok ho som er min største utfordrar, seier Braathen.
Dei to skal også konkurrera i blant anna 100 meter, og 50 meter bryst i løpet av helga.
- Laurdag ventar 100 meter medley. Eg skal også vera med på nokre stafettar, seier Braathen.
I rute til Nordisk?
Grunnen til at Braathen ikkje har dei heilt store ambisjonane for denne meisterskapen, er at ho satsar på å toppa forma til Nordisk på heimebane 10.- 13. desember.
- Er du i rute til Nordisk?
- Eg har trena litt hardt i forkant av begge dei siste stemna. Eg er ikkje sikker på om forma er i rute. Det får me sjå når eg set i gang med Nordisk, seier Braathen.