- Dette gjev oss unike moglegheiter for å leggja endå betre til rette for pasientane våre, seier dagleg leiar  ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter, Rangveig Klingsheim.
- Dette gjev oss unike moglegheiter for å leggja endå betre til rette for pasientane våre, seier dagleg leiar ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter, Rangveig Klingsheim.

Utbygd og rehabilitert rehabiliteringssenter

Ravneberghaugen rehabiliteringssenter er blitt dobbelt så stort og totalt forvandla. I dag var det offisiell opning.

- Me lurte ei stund på om me skulle ha raud snor, men me tenkte at den slags helst var til opning av nye bruer og slikt, smiler dagleg leiar ved Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter, Ranveig Klingsheim.

Ho og kollegaane har elles gjort det dei har kunna for å slå litt på stortromma i høve den store dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har invitert ei rekkje folk, samarbeidspartnarar, dei som har stått for utbygginga, kommunen og mange fleire, så får me håpa så mange som mogleg kjem å feirar med oss, sa Klingsheim timen før den offisielle opninga tysdag.

Me kjem attende med video frå opninga påtv.osogfusa.no

Nær dobbelt så stort

Med det 1.000 kvadratmeter store tilbygget ferdig på plass på nordaustsida av bygget framstår rehabiliteringssenteret som eit heilt nytt bygg. Klingsheim er supernøgd med resultatet.

Ranveig Klingsheim og kollegaane hadde gjort det dei kunne for å slå litt på stortromma i høve den store dagen.
Ranveig Klingsheim og kollegaane hadde gjort det dei kunne for å slå litt på stortromma i høve den store dagen.

- Med dei 140 kvadratmetrane på tilbygget til trimrommet har me nærast dobbla kvadratmeterplassen. Dette gjev oss unike moglegheiter for å leggja endå betre til rette for pasientane våre, seier ho.

I nybygget er det no åtte nye pasientrom, fleire kontor, personalrom med garderobe, daglegstove, legekontor, rom for ergoterapi og mykje meir.

- Me får rikeleg med plass, men med 55 tilsette og ei rekkje pasientar får me bruk for alt. Det blir eit løft for oss alle, seier ho.

I bruk frå 2.mai

Til den offisielle opninga tysdag hadde Klingsheim fått med seg styreleiar Vegard Hodneland og forfattar Bente Bratlund.

Sistnemnde las dikt, medan Hodneland like godt tok med seg nokre musikar-vener og "jazza" senteret for opna.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein stor dag for oss å få markera denne opninga, men framleis står det litt att før me kan byrja å bruka det nye arealet. Til dømes fekk me nettopp inn 50 garderobeskap, som må monterast, humrar Klingsheim.

Ho kunne likevel lova at frå måndag 2. mai skal heile den nye avdelinga vera fullt oppe og gå.