Den store julebrustesten
Kvart år testar mellomtrinnet ved Søre Fusa oppvekstsenter årets julebrus. Det er ei oppgåve dei slett ikkje tek lett på.
Testen er også førjulstidas høgdepunkt. I år var det sju ulike sortar som skulle vurderast og testast.
Lærarane Jarle Malkenes og Marie Nordtveit hadde tråla butikkane på leit etter årets utval. Etter kvart fekk dei smugla utvalet inn på skulen slik at ingen skulle vita kva for brus som skulle under lupa i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er eit nøye og lenge utprøvd konsept. Kvar elev er utstyrte med åtte plastglas - eitt til vatn og resten til brus. Kvart glas vert nummerert. Jarle og Marie går ut på eit eige rom. Der tar dei brusen over i glasmugger og serverer ein og ein sort. Når alle sortane er på plass i sine glas, startar arbeidet.
Det er stille i klasserommet. Elevane luktar og studerer fargen. Så smakar dei. Dei lar brusen få god kontakt med smaksløkane på tunga. Dei lar lukt, smak og synssansane jobba saman.
Breie smil og rynking på nasen
Mellom kvar smak drikk dei litt vatn. Sju poeng til den brusen som smakar, luktar og ser best ut. Smaken er viktigast. Samstundes spelar lukt og farge inn på opplevinga. Det er ikkje lett å bestemma seg. Best å smaka ein gong til. Stilla senkar seg over klasserommet - alvoret ligg i lufta. Elevane smakar og luktar. Nokon ristar på hovudet, andre rynkar på nasen. Ein elev smiler bredt ved glas nr. 3, ein annan får alvorlege rynker i panna ved glas nr. 5. Dei smakar og rangerer - er det verkeleg den i glas nr. 2 som er best eller er den i glas 7 litt betre ?
Det er tid for å avgjera det heile. Kvar og ein elev les opp sitt resultat. Det tar ikkje lang tid før vi anar topp tre. Vinnaren blir til slutt Hansa på glasflaske. Grunngjevinga er klår. Den skårar best på alle punkt.
Årets julebrustest, den ellevte i rekkja - er historie, og kvar og ein av elevane kan gå heim og gje kvalifiserte råd til sine føresette om kva som er verdt å bruka julebrusbudsjettet.
Britt-Mari Gjerde
Rektor
Søre Fusa oppvekstsenter