FAU-opprør ved Lunde skule
Kapasiteten ved Lunde skule er fullstendig sprengt. FAU-leiar Heidi Mandal ber Os kommune ta grep.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har prøvd å setja press på kommunen, men vi kjem ingen veg. Dei bruker mykje tid på å snakka og planleggja, men veit visst ikkje kva dei skal gjera, seier FAU-leiar Heidi Mandal.
Til hausten vil elevtalet ved Lunde skule krypa opp mot 300. Skulen er bygd for om lag halvparten.
Brakker
Spesialrom for musikk og kunst og handverk, er for lengst teke i bruk som vanlege klasserom. I tillegg er to mellombelse brakker, bygd høvesvis tidleg 1980-tal og i 2013, teke i permanent bruk.
Dårleg luft
- Verken ventilasjonsanlegg eller areal er tilpassa så mange menneske. Det gjer at vi slit med dårleg luft inne, seier Mandal.
For berre to år sidan vart skulen stengd av kommunehelsetenesta på grunn av dårleg luft.
Den gongen vart tilhøva i det gjeldande klasserommet utbetra, men kommunelegen har, etter det Mandal kjenner til, ikkje vore tilbake sidan den gongen.
Friminutt på skift
For å handtera det store elevtalet, har skuleleinga for lengst innført differensiert skulestart og friminutt. Det betyr at halvparten av elevane byrjar klokka 8.15, medan resten av elevane byrjar kl 8.30.
Slik unngår ein også at heile skulen har friminutt samtidig.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utearealet vårt er alt for lite til at alle kan vera ute samtidig. Det er inga ideell ordning, men det har trass alt fungert, seier Mandal.
- Kjenner du til andre skular som løyser plassproblema på denne måten?
- Nei.
Trådlaust
Mandal nemner også at skulen manglar trådlaust nettverk. Noko som gjer undervisning med data vanskeleg.
- Det viktigaste for oss er at borna har plass og at det er nok klasserom som ikkje vert stappa fulle.
Tilflytting
Per i dag er det plass til alle elevane på Lunde skule komande haust. Men berre dersom ingen flyttar til skulekrinsen i løpet av sommaren.
- Utbygginga frå Moberg til Halhjem er enorm. Dette vil vera eit pressområde i lang tid framover. Det er umogleg å seia at det ikkje vil koma nytilflyttarar før skulestart, seier Mandal.
Hausten 2016 vert elevtalet utvida med ein ekstra klasse i høve til i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den vil ikkje skulen ha plass til, sjølv med sin beste vilje, meiner Mandal.
Skuldar ikkje på skulen
- Det einaste som er ledig no er gymsalen. Han er forresten ikkje stor nok til å samla heile skulen, seier ho.
- Vi skuldar ikkje på skuleleiinga. Dei er like fortvila som oss og har heile tida gjort sitt beste, seier ho.
- Vår irritasjon gjeld kommunnen som snakkar om alt frå "aust om elvo" til utbygging av Halhjem skule. Det verkar ikkje som dei ser kor lite plass vi har.