Aurora vart årets nykomar
Ja, ho vann. 19 år gamle Aurora Aksnes knuste både Kygo, Sondre Justad og Daniel Kvammen og vart kåra til årets nykomar under kveldens spelemannspris.
- Tusen takk skal de ha, sa Aurora då ho vann prisen for årets nykomar og i tillegg med seg 250.000 kroner i Gramo-stipend.
- Dette hadde eg ikkje venta, så eg har ikkje førebudd noko takketale. Men eg må takke managementet mitt og mamma og pappa. Utan dykk hadde eg ikkje vore her!
Artikkelen held fram under annonsen.
Aurora sa til VG tidlegare i dag at ho kvidde seg til å halda takketale, men ho sjarmerte som vanleg på sitt ungdomelege keitete og upretensiøse vis.
- Eg har drukke altfor mykje vatn i dag, så no må eg veldig tisse, sa ho og gjekk av scena saman med prisutdelarane Karpe Diem.
Aurora var nominert saman med Daniel Kvammen, Fay Wildhagen, Kygo, Marcus & Martinus og Sondre Justad.
Ho stilte forøvrig i kjole designa og sydd av storesyster Viktoria Aksnes, som forresten har bursdag i dag.
Det har vore eit eventyrleg år for Aurora Aksnes frå Drange. 2015 byrja med Twitter-skryt frå Katy Perry og heldt fram med konsertar i inn- og utland. Den fyrste skikkelege videoen kom i sommar: Running with the wolwes. Ein låt ho også fekk mykje kritikar-skryt for.
Før jul vakte det internasjonal oppsikt då 19-åringen frå Os kapra eit av britanes mest prestisjetunge reklameoppdrag. Nemleg julereklamen for butikkgiganten John Lewis. Den rørande videoen der Aurora covrar Oasis`Half the world away, er i skrivande stund sett nesten tre millionar gonger på youtube.
For berre nokre dagar sidan vakte Aurora på ny merksemd. Denne gongen som januarfavoritt i bransjebibelen Rolling Stone. Ikkje mange nordmenn har vore hovudoppslag på det legendariske musikkmagasinets heimeside.
Men i kveld toppa Aurora heile greia ved å verta Spelemann for årets nykomar.