Styret for innsamlingsaksjonen ved Fusa vidaregåande, Vegard Kolle Kleivane, Elin Sundvor, Amanda Njøten og Elise Aga, er godt nøgde med å ha slått fjorårets resultat med god margin.
Styret for innsamlingsaksjonen ved Fusa vidaregåande, Vegard Kolle Kleivane, Elin Sundvor, Amanda Njøten og Elise Aga, er godt nøgde med å ha slått fjorårets resultat med god margin.

Fylte bøssene for kreftsaka

Tilsaman har russen i Os og Fusa samla inn over 198.000 kroner på sine Krafttak mot kreft-aksjonar i år.

- Vi samla inn 64.292 berre på bøssene, så vi slo resultatet frå i fjor, fortel Elin Sundvor i innsamlingstyret ved Fusa vidaregåande.

I tillegg fekk dei inn 3.050 på nettsida si. Tilsaman 67.342. I fjor blei det samla inn 48.000 kroner av russen ved skulen. Dette resultatet slo dei med andre ord med god margin.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er veldig fornøyde med det, seier Sundvor.

Ho fortel at det var kjekt å gå med bøsse og at dei fleste dei kom på døra til gav mykje og var positive til aksjonen.

- Det kunne virka som dei fleste var klar over at vi kom, seier ho.

Ved Os vidaregåande hadde russen eit mål om å få inn meir enn 50.000 i år. Dette nådde dei ikkje heilt. Men er likevel godt nøgde med resultatet på 28.000 kroner.

- Vi var 27 bøsseberarar, og det var litt færre enn vi hadde planlagt. I tillegg var det mange som ikkje hadde kontantar å gje, men som ville bidra med å senda sms, ringa kreftforeininga, eller "vippsa" pengar. Om dei gjer det, blir ikkje summen merkt med vår skule, så vi veit ikkje om det er komt inn meir takk vere våre bøsseberarar, fortel russepresident Christian Hjelle ved Os vidaregåande skule.

Han fortel at det var fjorårsrussen sitt resultat som fekk dei til setja seg mål om å koma over 50.000.

- Men dei var eit større russekull enn oss. I tillegg er det store aldersforskjellar blant russen på vår skule, så enkelte har familie og er ikkje så aktivt med. Derfor synest vi uansett at det var eit bra resultat vi fekk etter 27 russ på to timars gåtur med bøssene.

Ved Os gymnas hadde dei desidert flest bøsseberarar av dei tre skulene. Og resultatet vart deretter, med 103.000 kroner tilsaman på bøsser og nettinnsamling.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er ganske nøgde med det, fortel russepresident ved skulen, Ingrid Marie Stokke.

Ho fortel at dei har samla inn meir enn tidlegare russekull med omlag like mange elevar.

- I fjor var dei ein heil klasse meir enn oss, så vi kan ikkje eigentleg samanlikna oss med dei.