Lisa Nøttseter skal vera kunstnarleg ansvarleg for danse- og lydprosjektet Heimevernet i Bergen 7. mai.
Lisa Nøttseter skal vera kunstnarleg ansvarleg for danse- og lydprosjektet Heimevernet i Bergen 7. mai.

Danseframsyning om norsk identitet

Dansaren Lisa Nøttseter vert kunstnerisk leiar for danse- og lydprosjektet «Heimevernet» i Studio USF i Bergen 7. mai.

- Prosjektet er min idè, og eg skal ikkje vera med som utøvar sjølv. Det vil gjera det lettare for meg å halda oversikten, seier Lisa Nøttseter.

Til å dansa har ho fått med seg tre erfarne kollegaer som for tida held til i Oslo og på Nesodden: Marianne Kjærsund, Maja Roel og Emilie Dahlén. Thorolf Thuestad og Silje Grimstad skal ha har ansvaret for lyddesign.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøttseter fortel at stykket tek opp temaet norsk identitet. På heimesida til bit-teatergarasjen.no kan me lesa følgjande introduksjon: "Heimevernet undersøker det typisk norske, og skjærer ut en sjablong av et historisk, sosiologisk og kulturelt mangfold. Hullene fylles med et satirisk og forvrengt mikro-Norge som følger sin egen logikk."

- Det vert spanande å leia mine eigne kollegaer i eit prosjekt som dette. Fleire av dei har lengre erfaring enn meg, og var mine førsteval som artistar, fortel Nøttseter.

Rett etter vinterferien vil dei starta opp med prøvane til Heimevernet.

- Har du jobba saman med denne gjengen tidlegare?

- Ja, eg har også gått saman med Emily på skulen for samtidsdans i Oslo. Også Maja gjekk på same skulen, men ho gjekk ut tre år tidlegare enn oss, fortel Nøttseter.

For dei som vil oppleva danse- og lydprosjektet til Nøttseter, er dagen laurdag 7. mai.