Inviterer til sivilisert debatt
Til saman 700 elevar på dei vidaregåande skulane våre skal måndag få høyra politikarar frå dei ulike partia fekta med ord. Me møtte dei to tredjeklassingane som skal vera ordstyrarar.
I augustsola fredags morgon utanfor Os gymnas sit tredjeklassingane Hillevi Brita Høyem og Kristi Sandvik Pedersen. Skulen deira er måndag åstad for ikkje mindre enn to skuledebattar. Dei to jentene er debattleiarar i den første debatten som vil finna stad på skulen.
- Me måtte tenkja oss litt om før me sa ja til å leia debatten. Det er jo ei stor oppgåve, seier Kristi.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg trur me kan greia jobben heilt fint, legg Hillevi til.
Ho er syster til Tale Høyem, som har vikariert i «Os og Fusaposten», og som i dag jobbar i NRK.
Skule og samferdsle
Dei fortel at klassane alt har førebudd ein del spørsmål som vil bli stilt til dei ulike partia. To viktige tema blir samferdsle og utdanning.
- Eg er oppteken av bru over Bjørnefjorden, og trur det vil bli diskutert. Kollektivtrafikk er eit anna felt. Innan skuleområdet er t.d. eit tema som varm lunsj og frukt på skulen noko me vil ta opp, fortel Hillevi.
- Me vonar at så mange som mogleg engasjerer seg, og deltek i debatten måndag, seier Kristi.
Seier nei til LØGN-plakatar
Dei er opptekne av ein ryddig debatt, og vil slå hardt ned dersom nokon brukar plakatar med påskrift som "løgn".
- Vert det forbod mot slikt?
- Me var til stades som førsteklassingar då Terje Søviknes brukte den taktikken. Det var ganske kleint. Om det ikkje blir eit direkte forbod, så vil me i alle fall oppfordra til ein sivilisert debatt, seier Hillevi.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av fredagen vart det kjent at Terje Søviknes likevel ikkje stiller til debatt på måndag. Det er dei glade for.
- Eg trur ungdom kommuniserer best med ungdom, seier Kristi.
Debatt nummer to
Etter debatten for elevar ved Os gymnas, vert det debatt for elevane ved Os vidaregåande skule. Også den i gymsalen til Os gymnas.
- Me har ikkje noko lokale som er stort nok for alle dei 480 elevane våre, seier Ann Haugland ved Os vgs.
Kontaktlærar Linda Solhaug vert ordstyrar for denne debatten, som tek til etter lunsjtid.