Bjarte Solvang får 25.000 i ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag.
Bjarte Solvang får 25.000 i ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag.

Ungdomsstipend til Bjarte og Anders

Skiskyttar Bjarte Solvang og volleyball-spelar Anders Berntsen Mol er tildelt Fusa Krartlag sitt ungdomsstipend. Idrettstalenta får 25.000 kroner kvar.

For å stimulera til bulyst i kommunen har Fusa Kraftlag SA i mange år støtta idrett og kultur gjennom sponsor-støtte og stipend-utdeling til talentfulle ungdom.

I år delte kraftlaget ut to ungdomsstipend, kvart på av dei på 25.000 kroner. Ettersom det er vanskeleg å samla to så travle unggutar, måtte mottakarane få utdelt stipenda på kvar sin dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var vanskeleg å finna passande dag, så me hadde ei markering for Anders og ei for Bjarte. Litt stas på dei måtte me jo gjera, seier økonomileiar i Fusa Kraftlag, Liv Kolle-Holmefjord.

Ho legg til at dei kvart år har høve til å dela ut inntil fire ungdomsstipend til talentfull ungdom mellom 14-23 år.

- Det har variert litt kor mange me har delt ut til. I år fann me det passande å støtta to talentfulle og hardtsatsande idrettsutøvarar, seier Kolle-Holmefjord.

Anders Mol får også ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag. (Privat foto)
Anders Mol får også ungdomsstipend frå Fusa Kraftlag. (Privat foto)

Høgt nivå

Dei to som fekk stipend for 2015 held begge høgt nivå innan idretten sin.

- Anders Berntsen Mol er ein ung og ambisiøs volleyballspelar frå Strandvik. Han kjem frå ein volleyballfamilie og har trena systematisk og godt sidan han var liten. I sommar vart vann han og makkeren EM-gull i sandvolleyball på Kypros. I tilleg har han fleire NM-gull både frå sandvolleyball og innandørs volleyball, fortel Kolle-Holmefjord.

Om skiskyttar Bjarte, seier ho dette:

- Bjarte er ein skiskyttar frå Hålandsdalen og har drive med denne sporten sidan han var åtte år gamal. Han er tilknyta Team Gla'laks og er no blitt ein god seniorløpar. I vinter vann han NM og vart til og med tildelt Kongepokalen for gullet på sprinten. Dessutan har han vunne Ottanosi Duatlon to gonger, seier økonomisjefen.

- Det er med andre ord to sterke og gode idrettsutøvarar som fekk vår støtte dette året. Me ønskjer dei lukke til med satsinga vidare, seier Kolle-Holmefjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

28 lag får støtte

I tillegg til ungdomsstipenda deler Fusa Kraftlag også ut midler til å støtta lokale lag og organisasjonar i Fusa. For 2015 delte dei ut til saman 267.500 kroner.

Dei som har fått støtte er:

Baldersheim Bygdalag 15.000, Bygdalaget Bygdaheime 15.000, Eikelandsfjorden Musikklag 10.000, Eikelandsosen skulemusikklag 10.000, Flittige 4H 7.500, Fusa Hagelag 7.500, Fusa Hestesportlag 15.000, Fusa Karateklubb 15.000, Fusa Samfunnshuslag 15.000, Fusa Seniordanselag 5.000, Fusa Senioruniversitet 5.000, Holmefjord Barneklubb 5.000, Holmefjord Musikklag 10.000, Hålandsdal Musikklag 10.000, Hålandsdal/Eikelandsfjorden Skyttalag 7.500, IL Venjar 15.000, Kammerkoret takt og tone 5.000, Kortpusten 5.000, Lygrepollen Grendalag 10.000, Mannskoret Credo 5.000, Nordtveit Bedehus 10.000, Nordtveit Bygdeutval 10.000, Norges Handikapforbund 5.000, Strandvik Blandakor 5.000, Strandvik Grendahuslag 10.000, Strandvik Skyttarlag 15.000, Søre Fusa IL 10.000 og Øvre Hålandsdal Grendalag 10.000.