Dei fire kommunale barneskulane i Fusa var representerte under korsongen i Fjord'n senter måndag kveld. No beklagar senterleiaren at ikkje alle barneskulane vart inviterte til å delta.
Dei fire kommunale barneskulane i Fusa var representerte under korsongen i Fjord'n senter måndag kveld. No beklagar senterleiaren at ikkje alle barneskulane vart inviterte til å delta.

Fjord'n Senter beklagar

- Det er veldig beklageleg at vi ved arrangementet måndag ikkje hadde god nok kontroll på at alle skulane blei inviterte til å delta. Vi ønskjer sjølvsagt at alle som ønskjer å delta skal få høve til det, seier senterleiar Vigdis Øvreeide.

Måndag var det julearrangement på Fjord'n Senter med både korsong frå skuleborn, band og helsing frå ordføraren. No beklagar senterleiaren at ikkje alle barneskulane vart inviterte til å delta.

- Fjord'n senter er veldig glad for at vi er blitt eit samlingspunkt for alle fusingar og for at alle er så positive når vi spør om hjelp til å laga underhaldning på senteret. Det er difor veldig beklageleg at vi ved arrangementet no på måndag ikkje hadde god nok kontroll på at alle skulane blei inviterte til å delta, kommenterer Øvreeide og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi vil i framtida passa betre på at alle skular i kommunen vil få invitasjon til våre arrangement der skuleelevar opptrer, og håpar på fortsatt god oppslutnad om aktivitetane i senteret.

Ho legg til at butikkane blir drivne av folk frå alle delar av kommunen og er ein viktig arbeidsplass.

- Vårt ønske er å skapa eit endå betre sentrums- og handlemiljø og ein møteplass der alle fusingar vil trivast, seier Øvreeide og nyttar samstundes høvet til å takka alle kundane for året som har gått og ynskja god jul.