Kan Big Chef bli ein stor suksess i Os?
Nye leietakarar er på plass i Brugata. Big Chef steakhouse, pizzeria og cafe blir det nye tilbodet i Os sentrum.
Etter berre eit halvt år i Brugata var det slutt for Gastronomen i august i fjor. Sidan har lokale stått tomt. No har eigarane av bygget funne ny leigetakar, og skilt som er hengt opp utanfor butikken viser at det blir eit nytt restaurant/kafé-tilbod for osingar.
- Usikker på kva tid dei vil opna
Det har ikkje lukkast «Os og Fusaposten» å koma i kontakt med dei nye leigetakarane, men me har snakka med eigar av lokalet, Ingvar Lepsøe.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er signert kontrakt med nye leigetakarar, ja, seier Lepsøe.
- Eg er usikker på kva tid dei ser føre seg å opna. Eg har diverre ikkje heilt oversikt då eg er på ferie, og ikkje kjem attende før i desember.
«Os og Fusaposten» kjem attende med meir informasjon når me har snakka med dei nye leigetakarane.