Otelie Tuft og Grethe Tuft Soltvedt kunne jubla for 5. plass i NM.
Otelie Tuft og Grethe Tuft Soltvedt kunne jubla for 5. plass i NM.

Strålande innsats i NM

Tysdag imponerte Otelie Tuft og Grethe Tuft Soltvedt med 5. plass i junior-NM i sandvolleyball for U-21 jenter.

- I NM har jentene møtt noregseliten på juniorsida og til og med slått nokre av landslagsspelarane, så dette er veldig bra gjort. Dei har verkeleg fått betalt for all treninga dei har lagt ned og teke eit stort steg opp, seier Merita Mol som kjenner godt til strandvikspelarane og volleyballmiljøet i Strandvik.

Strandvik idrettslag deltok med sju lag i NM i sandvolleyball som vart arrangert i Kristiansand 30. juli til 5. august. Også fleire av dei andre laga frå Strandvik Idrettslag gjore det bra. Magnus Soltvedt og Markus Mol kom på 5. plass og Maria Åsmul og Angelica Aase Skiple på 9. plass i U 15.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gutane og Maria er berre 13 år så det er stort at dei gjer det så bra på dette nivået. Det er eit høgt nivå i denne aldersgruppa og kjekt at dei kan få vera med i U15. Det gjev dei god erfaring, legg Mol til.

I U-17 var strandvikgutane Martin Sundvor og Jon Bjarne Kvåle Istad solide. Dei gjekk rett til kvartfinalen utan problem, men der måtte dei sjå seg slått. Ein flott 7. plass er godt resultat og best i Hordaland. Det vart også Grethe Tuft Soltvedt og Marte Åsmul i U-19 med 10. plass.

God motivasjon

Det var ein stor gjeng som reiste frå Eikelandsosen og Strandvik for å heia på dei unge spelarane.

Brødrene Anders Mol og Henrik Mol, som har budd i og spelt for Strandvik tidlegare, gjorde det også svært godt i NM og Norgestour.
Brødrene Anders Mol og Henrik Mol, som har budd i og spelt for Strandvik tidlegare, gjorde det også svært godt i NM og Norgestour.

- Og når spelarane ser at dei kan vera med i teten gjev det god motivasjon til å trena gjennom vinteren, seier Mol.

I år var det fleire deltakarar i NM enn tidlegare og heile 750 kampar på ei veke. Det var god stemning med masse folk, liv og røre på arenaen og Merita Mol skryter av arrangørane.

- Kristiansand har arrangert NM i sandvolleyball siste åra og er veldig flinke. Dei har gode, oppgraderte anlegg og mange frivillige som gjer ein stor innsats. Spelarane deltek på mange turneringar i løpet av året, men NM i Kristiansand er heilt spesielt, avsluttar ho.

Også Torjus Tuft, Maria Vik og Susanne Samnøen deltok frå Strandvik idrettslag og gjorde ein god innsats.

Brødrene Anders Mol og Henrik Mol, som har budd i og spelt for Strandvik tidlegare, gjorde det også svært godt i NM. Anders tok NM gull i U-21 saman med fetteren sin, og Henrik tok gull i Norgestour.