Espen Aspenes og Fredrik Wagner-Larsen er i første rekkje meir opptekne av kva sjøfronten mellom Osøyro og Peppes skal nyttast til, enn kva farge og form bygga får.
Espen Aspenes og Fredrik Wagner-Larsen er i første rekkje meir opptekne av kva sjøfronten mellom Osøyro og Peppes skal nyttast til, enn kva farge og form bygga får.

Vil ha ein funksjonell plan med Europan

Espen Aspenes og Fredrik Wagner-Larsen meiner funksjonalitet må koma framfor form og farge når planane for nye Os hamn vert lagt.

- Det er spennande med slike arkitekt-teikningar. Eg berre håpar at dette ikkje endar med ein debatt om kva farge på husa som er finast, eller om husa skal vera to eller tre etasjar høge. Det er spørsmålet om funksjonalitet og føremål som er det viktigaste, så får me ta form og farge i neste rekkje, seier næringslivsaktør Espen Aspenes.

Eigar av Peppes Pizza og Bar(t), Fredrik Wagner-Larsen er samd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange fine forslag her, men det viktigaste er kva kommunen bestemmer seg for å leggja til rette for. At noko vert bustader, er ok, men eg meiner at heile vestsida av elve-utløpet elles bør syda av restaurantar, butikkar og kaféar. Det må bli ein plass der ein finn underhaldning og rekreasjon, seier Wagner-Larsen.

- Ja, eit slags Tønsberg brygge hadde vore noko. Ei slik satsing hadde jo også gjeve ei rekkje arbeidsplassar, kvitterer Aspenes.

Knyta Øyro med hamnen

Måndag kveld fekk Os Sentrumsforening ei guida omvisning på Europan-utstillinga i Askvik-bygget. Dei totalt 15 representantane frå handelsstanden vart tekne imot av plansjef i Os kommune Aina Tjosås. Ho gav dei ei kort innføring i kva arkitektkonkurransen Europan går ut på, og kva planavdelinga ser for seg å få ut av dei totalt 29 arkitektbidraga dei har motteke.

Aina Tjosås gav medlemene av Os Sentrumsforening ein god omsyning på Europan-utstillinga i Askvik-bygget.
Aina Tjosås gav medlemene av Os Sentrumsforening ein god omsyning på Europan-utstillinga i Askvik-bygget.
Eli Skeie og Lena Stigen Mathisen vil ha eit sjøfront-område med mange ulike bygningar, små bakgatar, leikeplass og benkar.
Eli Skeie og Lena Stigen Mathisen vil ha eit sjøfront-område med mange ulike bygningar, små bakgatar, leikeplass og benkar.
Rolf Matre hadde helst sett av bilvegen som går gjennom sentrum hadde blitt skote inn under fjellet, slik at omårdet ved vognhallen kunne inngått i eit gågate-miljø.
Rolf Matre hadde helst sett av bilvegen som går gjennom sentrum hadde blitt skote inn under fjellet, slik at omårdet ved vognhallen kunne inngått i eit gågate-miljø.

Før ho starta runden med Os Sentrumsforening gav ho «Os og Fusaposten» ei oppsummering av kva forslag ho sjølv syntest godt om.

- Eg liker dette dette utkastet her, seier Tjosås og viser oss forslag GB796 (forslaga er hemmelege og er difor merkt med nummer og ikkje namn på arkitekt).

- Det er ikkje alt som er slik eg ønskjer det, men eg er begeistra for det å ha ei lang gågate som knyt Osøyro saman med hamna, seier Tjosås.

Eit anna forslag ho liker er FE695.

- Dette innhukket i kaianlegget er idyllisk. Litt slik dei har laga det i Kristiansand, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar i Os Sentrumsforening, Geir Amundsen, er oppteken av at bygningane ikkje vert for ruvande.

- Me må kunna sjå sjøen frå vegen, elles mister bygda mykje av sitt særpreg, seier Amundsen.

Inspirasjon og idear

Europan-utstillinga er i desse dagar inne i si tredje veke. Tilbakemeldingane på arkitektforslaga for fornying av vestsida av elveløpet i Os har vore mange.

- Me ser at folk har vore flinke til å klistra smile-merke på ting dei liker. Ein del gule lappar med kommentarar har me også notert oss, men me ønskjer altså endå fleire konkrete tilbakemeldingar på kva me vil ha ut av denne plassen, og kva me ikkje vil, seier Tjosås.

Ho er klar på at Os kommune, uansett kva bidrag som måtte nå opp i tevlinga, ikkje vil måtte låsa seg til dette forslaget.

- Konkurransen er eigentleg litt på sida. Europan har eigne folk som vil døma desse forslaga. For oss er dette berre gode høve til å hanka inn inspirasjon og idear, presiserer Tjosås.

Ønskjer by-kjensle

Lena Stigen Mathisen og Elis Skeie lét seg begeistra av eit par av forslaga med ulik storleik på husa.

- Eg håpar Os kommune går for eit alternativ med mange ulike bygningar, små tronge gater og smug. Litt som strok i gamle Bergens-gatar, seier Lena.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, også må det vera små benker og leikeapparat på opne plassar innimellom, supplerer Skeie.

Dagleg leiar ved Os Servicesenter (Best-stasjonen) Rolf Tveit var oppteken av å frigjera båtplass lengst inne i hamna.

- Slik det er no, tek dei som vil fylla drivstoff altfor mykje plass. Kanskje kunne ein fått eit drivstoffanlegg for båtar på Steinneset i staden, slik at området lengst inne i hamnen utelukkande vart for båtfolk som vil liggja til kai, seier Tveit.