Jon Sivert Rykkel liker å ha mange kring seg i jula. - Jula skal feirast med sambuar og familie. Første juledag er det tradisjon å samla heile kompisgjengen, seier han.
Jon Sivert Rykkel liker å ha mange kring seg i jula. - Jula skal feirast med sambuar og familie. Første juledag er det tradisjon å samla heile kompisgjengen, seier han.

Jon Sivert Rykkels jul: - Tradisjonar skal haldast i hevd

- Eg er veldig glad i jula, og er tidleg framme med julepynten. Heile desember vert brukt til å sjå julefilmar, drikka julebrus og eta julekaker, seier Jon Sivert Rykkel.

Det er ikkje berre julekvelden som er høgdepunktet for Rykkel. Når kalenderen viser desember, er han i julemodus. Programmet på sjølve dagen er urokkeleg.

- Då er det julegraut hos bestemor, og pinnekjøt heime med familien seinare på kvelden, sjølvsagt etterfølgd av pakkeopning. Men både førjulstida og romjulea er ein vel så viktig del av jula for min del, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rykkels romantiske frieri

Nyleg blei Venstre-politikaren forlova, og det er blitt ein tradisjon med frukost i heimen, saman med hans utkåra, Tonje Hjertnes.

- Korleis var frieriet?

- Me var heime og pynta til jul. Tonje bakte peparkakar, medan eg var i utestova og hengte opp lysstjerner i vindauget. Eg tente ein del levande lys og inviterte ho inn. Så var det ned på kne og stilla det store spørsmålet. Heldigvis sa ho ja. Det heile var enkelt og fint, og eg var meir nervøs enn eg trudde eg skulle vera. Det blir bryllup 30. juli 2016. Me gler oss!

Uaktuelt å feira jul sydover

Jon Sivert er glad i tradisjonar, og det er viktig for han å feira jul saman med sambuaren og familien. Første juledag er ein dag kor han er med gode vener.

- Tidleg på dagen er det familiebesøk. På kvelden samlast kompisgjengen, fortel Rykkel.

Det er utenkjeleg å feira jul andre stader enn heime i Noreg.

- Jul skal feirast i Noreg, utan tvil. Det er uaktuelt for meg å feira i tropisk klima. Ideelt sett bør det vera snø og kaldt i jula, men her på Vestlandet må ein berre venja seg til å leva utan, smiler Rykkel.

Fann gåva i skapet

25-åringen har mange gode minne frå høgtida, og klarer ikkje heilt å trekkja fram eit spesifikt minne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då eg var yngre, handla jula nesten utelukkande om gåvene. No handlar det om familie og vener, og heile stemninga kring jula.

Harde gåver var heilt klart å føretrekkja i barndomen, men med åra har han lært å setja pris på dei mjuke gåvene også. Den beste gåva han har fått, var eit bordfotballspel.

- Eg er usikker på nøyaktig kor gamal eg var, men eg hugsar at det var veldig stas. Diverre fann eg gåva i skapet eit par dagar før jul, men eg sa ingenting og lata som at eg blei overraska på julaftan, seier Rykkel.

Trudde ikkje på nissen

Dei fleste born trur på nissen. Rykkel påstår at han ikkje var særleg sterk i trua.

- Eg trudde ikkje noko særleg på nissen. Hugsar då eg var fire år gamal, og min fetter på ni kledde seg ut som nissen, og gav meg ein leikehund. Det var nok spikaren i kista.

Harde eller mjuke pakkar?

- Eg har alltid likt best harde pakkar. I barndomen var det ofte leiker eller elektronikk i fokus. Har for så vidt lært meg å setja pris på dei mjuke gåvene med åra.

Trur du på nissen?

- Eg hugsar då eg var fire år, og fetteren min på 9 år kledde seg ut som nissen, og gav meg ein leikehund. Det var nok spikaren i kista.

Beste gåva du har fått?

- Det var eit bordfotballspel. Diverre fann eg gåva eit par dagar før jul, men eg sa ingenting, og lata som at eg blei overraska på julaftan.

Kva et du på julaftan?

- Då er det graut tidleg på dagen og pinnekjøt om kvelden.

Jul i Noreg vs. jul sydover?

- Jul i Noreg utan tvil. Det er uaktuelt for meg å feira jul i tropisk klima.