OL-bronse til Sverre
Berre to tusendeler skilte Ted-Jan Bloemen og Sverre Lunde Pedersen på 2. og 3. plass på 5.000-meteren i Pyeongchang søndag. Dermed vart det bronsemedalje på osingen.
Det vart spenning til siste slutt då Sverre Lunde Pedersen skulle gå 5.000-meter i OL-søndag.
Osingen gjorde eit svært bra løp, og låg lenge framføre Ted-Jan Bloemen, i niande par.
Artikkelen held fram under annonsen.
På oppløpet greidde rett nok canadieren å få ein lite skøytespiss framføre Sverre, og fullførte løpet på 6.11,616, medan osingen kom i mål på 6.11,618. Det vil seia to tusendelar bak.
Nederlendaren Sven Kramer var det ingen som kunne gjera noko med. Han tok gullmedaljen med tida 6.09,76.
– Ubeskrivelig, eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg. Dette har vore målet mitt heile tida. Litt surt å vera så nær sølvmedaljen, men medalje er medalje og eg er kjempenøgd, sa Pedersen til Eurosport etter løpet.
Tysdag går Pedersen 1.500-meter, torsdag er det 10.000-meter.
– Målet mitt var å ta ein medalje, så no er det berre å "gunne" på, slår Pedersen fast.