Stadig fleire oppdrag for Røde Kors
Aktiviteten i hjelpekorpsa er stigande. Os Røde Kors søkjer no fleire aktive medlemer.
- Vi har hittil i år hatt mange oppdrag, både søk og redningsaksjonar i Os og nabokommunane, i tillegg til sanitetsvakter ved ulike arrangement i Os, fortel Kristian Strønen.
Han håpar på mange deltakarar når dei no i september dreg i gang kurs i kvalifisert søk og redning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kurset er første steg på vegen for å bli godkjent "Hjelpekorpsar".
Mentale førebuingar, debrief, sikring og transport av pasient og søk etter sakna er berre nokre av temaa ein skal innom.
Kursleiar er Mats Hjelle.
- Mats har unik nasjonal og internasjonal erfaring både frå Hjelpekorpset og med redningshundar, samt frå politiet. Han sit også i Norges Røde Kors skredutval og var med i gruppa som utforma dei nye fjellvettreglane, fortel Strønen.
Han opplyser at kurset i søk og redning blir følgd opp med kurs i samband og bruk av naudnett før jul og kurs i kvalifisert førstehjelp i januar.