Vegard Leikvoll Moberg har hatt ferie frå Sogndal sidan 16. november. Men det betyr ikkje at han har lege på latsida i jula. - Eg trenar seks gonger i veka, seier han.
Vegard Leikvoll Moberg har hatt ferie frå Sogndal sidan 16. november. Men det betyr ikkje at han har lege på latsida i jula. - Eg trenar seks gonger i veka, seier han.

Frå stort keepertalent til midtbanespelar i Eliteserien

Tidleg i tenåra var Vegard Leikvoll Moberg på krinssamling, som keeper, med dei som var eitt år eldre. Der fekk han gode tilbakemeldingar, men det å stå i mål var ikkje spanande nok for osingen, som no er klar for sin første heile sesong som midtbanespelar på Sogndal.

- Går du alltid med Sogndal-genser?

- Nei, det er berre når eg blir intervjua eller når eg trenar. Eg tok først på meg ein annan genser, men måtte byta når du skulle koma på besøk, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lang juleferie

25-åringen er heime på ferie i Os. Siste fellestrening osingen hadde med laget, var 16. november, så tok dei juleferie. I dag reiser han attende til Sogndal for å starta sesongoppkøyringa for fullt.

- Det høyres kanskje ut som ein lang ferie, men det er ikkje slik at vi har heilt fri i nesten to månader. Vi har alle eit treningsopplegg som vi skal følgja. Eg trenar seks gonger i veka. Samstundes får eg litt feriekjensle av å sjølv kunna velja når på dagen eg trenar, seier Leikvoll Moberg.

Beintøff trening ventar

Når treninga startar opp att, er 25-åringen spent på kva som møter han. Leikvoll Moberg signerte for Sogndal sommaren 2016. Det blir dermed hans første sesongoppkøyring i Sogndal. Spelarane har fortalt at førre vinter var beintøff, med mykje og knallhard trening. Meldinga frå Sogndal-trenar Eirik Bakke før ferien, tilseier at denne oppkøyringa ikkje blir noko lettare enn fjorårets.

På Kuventræ har midtbaneankeret brukt tallause timar. På varme sommardagar spelte han heller fotball enn å gå i Mobergsvika for å bada.
På Kuventræ har midtbaneankeret brukt tallause timar. På varme sommardagar spelte han heller fotball enn å gå i Mobergsvika for å bada.

- Det siste Bakke sa til oss før vi tok ferie, var at det kom til å bli endå tøffare i år, seier Leikvoll Moberg og smiler.

Ein klubb av Sogndals storleik er nesten nøydd for å trena meir enn andre, meiner Leikvoll Moberg.

- Det er gjerne slik at ein klubb som ikkje har dei beste økonomiske rammene, må ta det att på andre område. Vi trener difor litt ekstra heile vegen. Eg har snakka med Jakob Glesnes, som eg var lagkamerat med i Åsane. Han har sidan spelt for Sarpsborg og Strømsgodset. Samanlikna med dei, trenar vi mykje meir, seier Leikvoll Moberg.

Treningstalent

Det å trena er noko Leikvoll Moberg ikkje har noko i mot. Osingen var fire år gamal då han starta å spela fotball. Då spelte han med sin tre år eldre bror, Sindre, og lagkameratane hans. Far, Tryggve, var trenar.

- Eg var nok ikkje med på kvar trening, men eg fekk vera med litt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Var du eit fotballtalent, eller eit treningstalent?

- På barneskulen var eg blant dei beste på laget, men så jamna det seg meir ut. Det er først i det siste at eg har tenkt over kor mykje eg eigentleg trente. Eg såg ikkje på det som trening fordi eg hadde det berre kjekt. Så eg er vel meir eit treningstalent enn eit fotballtalent.

Leikvoll Moberg er oppvaksen i Vågshaugen i Kuvågen. På grusbanen utanfor, var det stor aktivitet frå morgon til kveld. Det gjekk ofte i fotball, saman med Kongsvinger-spelar Mats Cato Moldskred og alle dei andre ungane i nabolaget.

- Det var eit fantastisk miljø i Vågshaugen. Både med tanke på fotball og elles. All aktiviteten der har nok hjelpt meg godt på veg til der eg er no.

Vågshaugen har altså dei seinare åra fostra ein Sogndal-spelar og ein Kongsvinger-spelar. Leikvoll Moberg trur at det vil koma fleire med åra.

- Elias Myrlid, som spelar aldersbestemt for Os no, kjem også frå Vågshaugen. Eg har sett han spela nokre gonger. Han er eit stort talent.

Heller Kuventræ enn Mobergsvika

Det er ikkje berre i Vågshaugen at 25-åringen har trent. Kuventræ har også vore viktig for å forma Leikvoll Moberg til den fotballspelaren han er i dag.

- På varme sommardagar gjekk eg heller på Kuventræ og spelte fotball med kameratane mine, enn å gå i Mobergsvika og bada. Eg trengte ikkje avtala med kameratane mine heller. Det var alltid folk på banen. Der kunne vi vera frå tidleg morgon til seint på kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som mange andre fotballinteresserte gutar og jenter, hadde han eit ønske om å bli fotballspelar når han var ung. Men det er eigentleg ingen i den alderen som veit kva det inneber.

- Eg tenkte aldri at eg må trena slik og slik, og eg hadde aldri eit fast opplegg, men eg spelte mykje fotball. Det er det eg meiner er det viktigaste ein kan gjera for å bli god.

Gadd ikkje stå i mål

Midtbaneankeret spelte for Os heilt til han gjekk til Åsane etter 2010-sesongen. Det er ikkje gitt at det var på midtbanen han skulle få suksess som fotballspelar.

- Fram til tidleg i tenåra, stod eg i mål for dei som var eitt år eldre enn meg, og spelte på midtbanen med dei som var jamngamle. Eg var på krinssamling med dei som var eitt år eldre då eg var 13 eller 14 år gamal. Då som keeper. Eg fekk gode tilbakemeldingar, og dei sa at dei ville satsa på meg det komande året. Men eg kom aldri tilbake på ei krinssamling som keeper. Eg gadd ikkje stå i mål meir. Det var for keisamt rett og slett.

- Sogndal er ikkje eit springbrett

Valet han tok då, har ikkje Leikvoll Moberg angra på. I Åsane blomstra han på midtbanen. Det var først etter opprykket til OBOS-ligaen at han såg at han hadde kapasitet til å ta steget endå eit nivå opp.

- Eg set meg ikkje langsiktige mål. Eg tek det steg for steg. Eg har ambisjonar, men det var først etter opprykket til OBOS at eg merka at eg verkeleg kunne bidra, og at eg hadde fleire nivå inne.

Planen er ikkje å bruka Sogndal som eit springbrett.

- Eg har ikkje sett meg eit mål om ta eit steg vidare frå Sogndal. Eg har nett komen til klubben. Då er det feil av meg å seia at målet er å koma meg vidare. Eg skal kjempa om ein fast plass på laget. Det er det eg strekkjer meg etter no. Eg ser føre meg å spela for Sogndal og gjera det bra med klubben. Det gjeld å ha realistiske mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tøffe starten

Det har blitt eit halvt år med begrensa speletid for Leikvoll Moberg. Debuten, som kom kort tid etter at han hadde signert, kunne ha vore betre. Sogndal tok i mot Bodø/Glimt på Fosshaugane. Etter om lag 20 minutt tapte han ballen på midtbanen, og Bodø/Glimt gjekk i angrep og skåra.

- Hadde det ikkje blitt mål, er det ingen som hadde brydd seg. Det var ein greie med at det var min første kamp, og at eg blei kasta ut i det. Hadde eg spelt for Sogndal i nokre år, og så gjort ein slik feil, ville det ikkje blitt gjort mykje ut av det, seier Leikvoll Moberg og held fram:

- Det er ikkje første gong eg gjer ein feil, og det blir ikkje siste gong heller. Det var sjølvsagt keisamt, men det som har irritert meg mest i ettertid, er at eg blir minna om det heile tida. Kvar gong eg møter nokon som eg ikkje har snakka med på ei stund, så blir det eit samtalemne. Personleg ser eg no på det med meir sjølvironi enn å irritera meg, seier Leikvoll Moberg.

Frå medgang til motgang

Utover hausten blei det ein del benkesliting. Osingen er ikkje bitter for at han ikkje har fått visa seg meir fram.

- Det blei relativt tidleg på hausten klart at vi kom til å halda plassen. Kanskje kunne eg fått meir speletid grunna det, men eg forstår samstundes at det er eit ønske å få best mogleg plassering, og at det kunne vera litt usikkert å starta med meg som var fersk på dette nivået. No har eg ei heil sesongoppkøyring til å visa at eg er til å stola på, seier Leikvoll Moberg og smiler.

Osingen vel å sjå på hausten som ein bonus. Han har kome inn i gruppa, og eg er komen tilrette i leilegheita. Han har fått kjenna på nivået, og veit kva han går til no som han skal inn i sin første fulle sesong i Eliteserien.

- Eg har hatt mykje medgang i fotballen dei siste to åra, og blitt betre av det. Det blir sagt at det er i motgang ein blir betre, så eg får bruka det på den måten.

Korte, men lange arbeidsdagar

- Har du trua på fast plass i laget denne sesongen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er målet. Det håpar eg at alle i laget har i deira posisjon. Då får ein eit best mogleg lag. Klart eg ønskjer å spela. Elles hadde eg ikkje hatt noko her å gjera. Ein kan ikkje vera nøgd med å sitja på benken.

Det er blitt nemnt nokre gonger at fotballspelarar lever eit fint liv, med korte arbeidsdagar. Sjølv om ein arbeidsdag for Leikvoll Moberg kan høyrast kort ut, fortel han at kvile er naudsynt og i grunn ein del av arbeidsdagen for ein fotballspelar på høgt nivå.?- Vi samlast til frukost halv ti. Så ventar trening og lunsj, før ein er heime i 13-14-tida. I starten måtte eg sova fleire timar etter at eg kom heim. Nokre tenkjer at vi lever eit fint liv der vi kan sitja på sofaen store delar av dagen, men det er ikkje slik at eg alltid ønskjer det. Eg må det for å kunna levera på neste økt, seier Leikvoll Moberg som presiserer at dagane han referer til gjeld haust-delen av sesongen.

- Eg veit ikkje heilt kva eg går til no, men det blir nok lengre dagar med to økter for dagen i tida som kjem.

Fekk velkomst-bot

Etter at sesongen var over, fekk spelarane seg ein velfortent tur. Då reiste 16 mann til Reykjavik i tre dagar. Heile turen blei finansiert av bot-kassen.

- Reise, opphald og mat blei betalt med bot-kassen, i tillegg til litt bonuspengar grunna tabellplasseringa. Det kjem inn litt pengar i bot-kassa i løpet av ein sesong. Hugs at det er dyrare i Reykjavik enn i Noreg, seier Leikvoll Moberg.

Det har blitt nokre bøter på osingen i løpet av sesongen. Den første på 300 kroner, var ein velkomst-bot. Han har også fått bot for å bruka caps på kampdag. Då fekk også romkameraten bot.

- Han fekk bot for ikkje å åtvara meg. Eg var ikkje klar over at det var ein regel. Det skal også seiast at det er eit punkt i forbod-lista som heiter "anna". I prinsippet kan ein få bot for alt mogleg, seier Leikvoll Moberg og smiler.

Kjem nok til å enda opp i Os

Det er framleis nokre månader til sesongstart, men det kriblar i beina til Leikvoll Moberg som gler seg til å koma i gang. Han ser tilbake på ei fin tid i Åsane, og ikkje minst i Os, der han spelte frå han var fire år til overgangen til Åsane etter sesongen i 2010.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Trur du at du kjem til å spela for Os igjen?

- Det er ikkje eit mål for meg å spela for Os. Eg tenkjer ikkje at eg skal attende, men eg håpar at det i framtida er mogleg. Eg kjem nok til å enda opp der til slutt uansett, seier Leikvoll Moberg.

Alder: 25 (blir 26 om nokre veker)

Klubb: Sogndal

Tidlegare klubbar: Os og Åsane

Favorittlag: Liverpool

Favorittspelar: Steven Gerrard

Kven lagar mest liv i garderoben?

- Edin Øy. Han byr mykje på seg sjølv.

Kven er slappast i troppen?

- Edin Øy det også.