Ein må gå for å få minne
SKULETUR TIL ROMA: Ein kunne ikkje vere trøtt når ein skulle til Roma, her var det så mykje å sjå og oppleva, så her måtte ein vera på frå tidleg morgon til seint på kveld.
Ein dag i april vakna eg til mi vanlege tid. Av ein eller annan merkeleg grunn var mamma oppe samtidig som meg og gjekk fram og tilbake i huset. Då gjekk det opp for meg, eg skulle ikkje på skulen, eg skulle jo reise til Roma. På Flesland møtte me alle i klassen, vakne og klare.
Ingvar var med som vår guide, som eg trur få hadde gjort betre. Han kunne absolutt alt, nesten slik at du står der og måpar for alt han kan og ikkje bygningen me ser på. Han fekk heldigvis litt pust i bakken av og til. Me hadde alle førebudd ein brosjyre om kvar vår kyrkje, skulptur eller andre kjende attraksjonar. Me fekk sett mykje, men alt var ikkje slik eg hadde forventa. Eg såg for meg at Peterkyrkja og Colosseum skulle ta pusten frå meg, men det skjedde aldri. Grunnen kan vera at eg visste i frå før av at dette var store bygningar, så eg fekk aldri ei "wow"-oppleving av desse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Overraska
Det som gjorde mest inntrykk, var nok det som eg ikkje hadde peiling på kor stort det var. Eg valde å laga brosjyre om ei kyrkja som heitte San Giovanni, eller den såkalla Laterankyrkja. Eg tenkte først at dette var ei lita kyrkje som få visste om, men eg tok grundig feil.
Dagen me kom fram til Roma, køyrde me forbi denne kyrkja, og eg blei så overraska over kor stor den var. Eg pressa meg sjølv inn til bilglaset for å sjå heile bygget. Det at me kunne sjå kyrkja då me gjekk oppover gata med dei fine, grøne trea, gjorde inntrykk på meg. Kyrkja stod så åleine, i motsetning til Santa Maria Maggiore som hadde masse hus rundt seg.
Prikken over i-en
I brosjyren min hadde eg mest fokus på statuane i kyrkja. Eg klarte aldri å sjå for meg kor store desse var før eg såg dei på ekte, og eg fekk nesten litt frysningar. San Giovanni var eigentleg den einaste kyrkja eg fekk gåsehud av då eg kom inn. Statuane var så energirike og store, og utsmykkinga var fantastiske å sjå på. Det er ikkje rart at denne kyrkja er den fremste katedralen i Den Katolske Kyrkja, og at pavemakta valde å bu her i 1000 år. Det som var prikken over i-en denne dagen var då ein stor gjeng med prestar og nonner kom syngande inn i kyrkja, då visste eg at dei neste kyrkjene me skulle besøka, kom aldri til "å vinna" over denne.
Frå ein obelisk til ein annan
Onsdagen skulle vere ein lang dag, og eg tenkte at dei fleste av attraksjonane me skulle besøkja denne dagen, ikkje var så kjende, fordi eg ikkje hadde høyrt så mykje om dei frå før. Derfor gjekk eg kanskje og tenkte meir på kor trøtt og lei eg var i bein og rygg i staden for å tenkja på kva inntrykk eg fekk av dei ulike plassane.
Etter Vatikanmuseet, som var stappa med folk, var det godt å koma ut i finvêret. Me gjekk og gjekk, og det kom alltid noko nytt me skulle sjå, frå ein obelisk til ein annan. Det at eg ikkje visste kva eg gjekk til, var kanskje ein av grunnane til at eg fekk den "wow"-opplevinga då eg kom rundt hjørnet og såg Trevifontena.
Ingvar hadde jo snakka om Trevifontena fleire gonger på skulen, men den såg jo så liten ut på biletet. Det at den var så stor, og at vatnet var så klart og blått, gjorde at eg måtte stoppa opp for å beundra den ei stund. Denne fontena og San Giovanni sin fasade blei nemleg bygde samtidig, så det kan ikkje vere heilt tilfeldig at eg likte Trevifontena og San Giovanni best.
Utsjånad, lykke og glede
Vasskjelda til Trevifontena ligg i utkanten av Roma. Sagnet seier at denne vasskjelda blei brukt av ei ung jomfru som bringa med seg soldatar som var tørste og slitne etter kamp. Dette blir illustrert på eitt av relieffa på fontena.
Artikkelen held fram under annonsen.
I dag kunne me kasta myntar i fontena som skulle bringa oss lykke. Eg gjorde sjølvsagt det. Ein mynt for lykke til heimreisa, ein mynt for lykke i kjærleiken, og ein mynt for lykke i mitt framtidige ekteskap. I tillegg til at me får lykke, så gir desse myntane lykke til dei som ikkje har det så godt i Roma. Kvar kveld samlar dei inn pengane og bruker dei til å kjøpe daglegvarer til dei fattige i Roma. Trevifontena hadde rett og slett alt: Utsjånad, lykke og glede.
Det var mykje me fekk sjå, men det var desse to attraksjonane eg fekk gåsehud av. Pietá i Peterkyrkja var i nærleiken til gåsehud, men der fekk eg meir ein følelse av medkjensle til Maria, som sat der og heldt på Jesus sin døde kropp. På Palatinhøgda hadde me utsikt over heile byen, og det som fanga blikket mitt var dei to store, svarte statuane på toppen av det store kvite palasset i sentrum, det såkalla Viktor Emanuel-monumentet.
Av ein eller annan grunn så fasinerte dette meg, sjølv om det ikkje stod i programmet vårt. Den siste dagen fekk eg sett det på nært hald. Meir moderne enn alle dei andre bygga me såg, sjølv om det kanskje ikkje såg slik ut. Det blei bygd i 1911 medan mange av dei andre attraksjonane me studerte, stamma frå tidsperioden mellom Romartida og 1700-talet.
Det beste med heile turen
Det var mykje me fekk sjå, og framleis er det mykje meir å besøkja i Roma. Visse plassar var så stappa med folk at du merka det var ein turistby, derfor må du vera tolmodig. Neste gong eg skal til Roma kjem eg nok til å ta litt meir pausar, setja meg ned og eta litt, for eg mista mykje av gleda med turen av å vera trøtt og sliten, men ein må ofra litt viss ein skal få oppleve alt, og ein må gå for å få minne.
Det beste med heile turen var at mamma fekk vera med og oppleva dette ilag med meg. Eg visste ho hadde så lyst å vera med, så kvifor mista den store moglegheita?
Det er så kjekt å ha nokon å oppleva dette med, kanskje me drar med oss heile familien neste gong.
Astrid Vangdal