Sevin Kedar frå Bulgaria fortalde om korleis ho vart motteken som 11-åring på Os barneskule.
Sevin Kedar frå Bulgaria fortalde om korleis ho vart motteken som 11-åring på Os barneskule.

Då Sevin Kadir (17) kom til Noreg

Os gymnas og Os VGS markerte Global Dignity Day i dag. Sevin frå Bulgaria fortalte om då ho vart invitert i eit norsk bursdagsselskap for første gong.

Global Dignity er ein ideell organisasjon som fokuserer på alle menneskes rett til eit verdig liv er en uavhengig. Hans Majestet Kronprins Haakon stifta organisasjonen i 2006. På Os gymnas og på Os Vidaregåande Skule fortalte elevane sterke historier om korleis dei har opplevd å bli verdsatt som menneske. Ei av dei var Sevin Kadir.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sevins historie

- Eg kjem frå Bulgaria, og kom til Noreg som 11-åring for 5-6 år sidan. Eg begynte då på Os barneskule, men utan å kunna norsk eller engelsk. Eg måtte berre bruka kroppsspråket for å gjera meg forstått. Eg hadde ingen vener, sidan eg ikkje kunne språket. Det var veldig trist. Men så kom det ei fin jente bort til meg med eit ark i hendene. Ho skreiv på det med store, fargerike bokstavar og gav det til meg. Ho prøvde å forklara kva som stod der, men eg forstod framleis ikkje. Men læraren min hjelpte meg å få det oversatt til bulgarsk. Der stod det at du er invitert i eit bursdagsselskap!

 

Sevin Kadir var glad, men visste ingenting om kva eit bursdagsselskap inneber. Ho visste at ein burde kjøpa ein presang. Ho kjøpte difor ein sparegris og pakka inn, og møtte opp i selskapet.

Elevane følgde med grundig med då sjølvaste kronprisen talte til dei via video.
Elevane følgde med grundig med då sjølvaste kronprisen talte til dei via video.
Frank Aarebrot var - ifølgje eige vitnesbyrd - nerd på skulen. Han fortalte om korleis nerden opplevde å bli verdsett av dei andre elevane.
Frank Aarebrot var - ifølgje eige vitnesbyrd - nerd på skulen. Han fortalte om korleis nerden opplevde å bli verdsett av dei andre elevane.
5 modige elevar fortalte sterke historiar knytt til verdigheit i kantina på Os vidaregåande skule.
5 modige elevar fortalte sterke historiar knytt til verdigheit i kantina på Os vidaregåande skule.
13 rettleiarar frå Sjøkrigsskulen stilte på Os vidaregåande skule under Global Dignity Day.
13 rettleiarar frå Sjøkrigsskulen stilte på Os vidaregåande skule under Global Dignity Day.

- Men det eg ikkje hadde tenkt på var at det er vanleg å pynta seg i sine finaste klede i eit slikt selskap. Då me skulle eta, visste eg heller ikkje korleis ein et taco. Men jenta som hadde invitert meg, brydde seg ikkje om det. Ho vart kjempeglad for presangen. Og eg kunne lett etterlikna måten dei andre åt tacoen, så det gjekk også bra. Dermed følte eg meg akseptert, og godt mottatt då eg var heilt ny i Noreg. Eg er fortsatt vener med henne i dag, sa Kadir til applaus frå elevane ved Os gymnas.

Nerden som blei fotballhelt

Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot, som var hyrt inn som innleiar, sa at nettopp slike historier er med på å visa korleis tilsynelatande små gjerningar kan hjelpa andre til å føla seg verdfulle. Han delte frå sin oppvekst, korleis medelevane hadde fått nerden Frank til å føla seg bra når han for ein gongs skuld - ved eit reint lukketreff - greidde å sentra ein målgjevande pasning.

- Eg var heilt håplaus i fotball, og alle visste det. Når ballen kom til meg var det om å gjera for meg å berre få han vidare. For eg ante ikkje kva veg ballen skulle. Men ein dag, me skulle spela klassekamp mot ein annan skule - greidde eg ved ein tilfeldigheit å senda ein silkepasning til spissen vår som berre kunne lempa ballen over mållina. Alle i klassen skjønte at det berre var flaks, men dei syntest det var ålreit å lata som at eg hadde gjort dette av dyktigheit. "Veldig bra, Frank", sa dei.

 

Aarebrot la til at Global Dignity Day handlar om at alle menneske har ein rett til å leva eit verdig liv. Ein dag som ikkje tar utgangspunkt i alt det negative som skjer i verda, men i dei positive historiene som har hjelpt enkeltpersonar til å få sjølvtillit og ein kjensle av eigenverdi.

Artikkelen held fram under annonsen.

5 modige elevar

Ved Os Vidaregåande skule vart dagen markert med eit program som varte frå skulestart til lunsj. Først var elevane samla klassevis for å få høyra om Global Dignity Day. Deretter var det fellessamling i kantina der Martin Grasdal Lunde frå Sjøkrigsskulen fortalte om temaet. - I siste økt var det 5 modige elevar som fortalde kvar si fine og sterke historie knytt til verdighet, fortel elevinspektør Ann Haugland.

 

Alle elevane vart også vist følgjande film der Hans Majestet Kronprins Haakon fortel om Global Dignity Day: