Debatt på debatt
Debatt-valkampen brakstartar med to x skuledebatt på Os gymnas komande måndag. Deretter går det slag i slag.
Det er ikkje berre på skjermen at debattvillege politikarar boltrar seg i desse dagar. Også lokalt er det duka for fleire, truleg, interessante ordskifte.
Måndag 24. august er det duka for to skuledebattar på Os gymnas. Sjå også eiga sak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seniorsak
Spranget er stort frå ungdommeleg engasjement til seniorpolitikk. Torsdag 27. august er det duka for Os Pensjonistforenings paneldebatt i Eldresenteret. Samtlege parti stiller og møtet er ope for alle. Andre stikkord er transport og helse, Lyseparken, realfagssatsing og kultur.
NRKs valferje
Dagen etter, fredag 28. august, legg NRKs valferje til kai i Os. Om bord vert det debattmaraton frå kl. 14-19, sendt på nett-TV og leia av Jan Børge Leirvik og Marte Rommetveit. Publikum er hjarteleg velkomne.
Fusa-politikarane skal i elden om lag kl. 14.30. Då stiller representantar frå eit utval parti til lokalpolitisk debatt. Os & Fusapostens journalist blir med som politisk kommentator.
Litt seinare står Os kommune for tur. Også her er det eit utval politiske parti som skal i elden, denne gongen med Midtsiden som leverandør av den politiske analysen.
Bondens dag
Laurdag 29. august står landbruk og sentrumsutvikling på dagsorden. I samband med Bondens dag i Os, inviterer Os Sentrumsforeining, Midtsiden og Os Bondelag til politisk paneldebatt.
Torsdag 3. september er den store skuledagen, både i Os og Fusa.
Heit potet
I Os inviterer Kommunalt Foreldreutval (KFU) til debatt om skulepolitikk på Nore Neset ungdomsskule. Forresten den einaste reine skuledebatten i Os før valet. Spørsmålet om skulestruktur kan skapa temperatur.
- KFU har ikkje noko felles syn på dette, men vil gjerne høyra kva dei politiske partia meiner. Skal vi oppretthalda dagens 10 grunnskular rundt om kring i bygdene, eller spara pengar ved å slå nokon av desse saman? Temaet er brennbart, men politikarane i Os har vore lite villege til å seia noko om kva dei meiner, seier leiar for Os KFU, Eivind Meyer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Foreldre bør stilla
Også skulens faglege nivå og resultata av nasjonale prøver vert tema for diskusjon.
- Vi ligg jo litt lågt i Os, men skal det uroa oss eller er det tilfeldig, spør Meyer retorisk.
Alle dei politiske partia deltek i debatten. Ordstyrar vert Renate Nedregård frå Speaklab.
- Alle foreldre bør møta opp, godt budde. Ha spørsmåla til politikarane klare på førehand. Slik viser vi dei at skule er viktig for dei komande fire åra, seier han.
Folkemøte med Os & Fusaposten
Samtidig, i Eikelandsosen, skipar Os & Fusaposten til folkemøte om skule på Fusa Vidaregåande.
Ei veke seinare, torsdag 10. september, inviterer så avisa til folkemøte i Nore Neset Aktivitetshus. Dette vert valkampens avsluttande og siste debatt. Sjå eiga sak om begge desse debattane.