Lettare skadd etter gasseksplosjon
Helse Bergen melder at 45-åring er lettare skadd etter gasseksplosjon på kjøkken.
I ettermiddag meldte politiet om ei eksplosjonsulykke som skjedde i Prestegardskogen i Os. Eksplosjonsulykka skjedde i samband med bruk av gasskomfyr på eit privat kjøkken.
45-åringen vart brannskadd på armane, men vart altså ikkje alvorleg skadd i følgje ei pressemelding frå Helse Bergen.