Rundt femti førsteklassingar ved Os barneskule
Det summar og yrer rundt inngangsdøra til Kviteskulen på Os barneskule tysdag føremiddag. Det er ikkje bier me snakkar om, men nærare 50 førsteklassingar som ventar utolmodig på at fotografen frå lokalavisa skal koma og ta bilete av dei.
Snart kjem dei to kontaktlærarane for gruppe blå og grøn ut for å organisera og plassera den viltre gjengen i trappeamfiet like utanfor inngangspartiet.
Godt i gang
Det er berre litt over tre månader sidan elevane byrja på skulen, men ifølgje kontaktlærar i gruppe grøn, Lise Hofland, har dei alt lært seg 11 bokstavar og alle tala.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei kan både skriva, lesa og rekna litt, seier ho.
Ein gong i veka besøkjer seks-åringane biblioteket, og ein gong kvar veke får dei vera med til datarommet. Dei har også ein fast turdag i veka, og vil såleis koma seg ut i nærområdet året rundt.
- Førsteklassingane har også hatt mange kjekke stunder saman med fadrane sine på femte trinn. Dei har mellom anna hatt felles lunsj, og dei har leika saman, fortel Hofland.
Venegrupper - gjerne oppdelt i grupper på fire elevar - er blitt veldig populært i skulen. Ein gong i løpet av skuleåret får borna koma på heimebesøk til kvarandre.
BlimE-dansen
Sjølv om elevane på 1. trinn er delt opp i to grupper, er også heile gjengen i lag av og til. Som til dømes når dei har song og dans i musikksalen.
Lise Hofland fortel at gjengen var med under NRK Super si innspeling av BlimE-dansen fredag den 13. november. Musikk-/ dansevideoen ligg på nettsidene til NRK, for dei som har lyst å ta ein kik.