Rektor Elin Skaatun, trebarnsfar Eirik André Hesthamar og FAU-leiar Rebecca Lerch Dahl vil samarbeida om å spela kvarandre gode.
Rektor Elin Skaatun, trebarnsfar Eirik André Hesthamar og FAU-leiar Rebecca Lerch Dahl vil samarbeida om å spela kvarandre gode.

Øyafolket vil spela kvarandre gode

Gjennom prosjektet «Saman er vi best» vil foreldre, FAU og tilsette ved Søre Øyane barneskule, styrkja relasjonen heim og skule.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om noko bra skal skje, må nokon gå foran, seier initiativtakar til «Saman er vi best», Eirik André Hesthamar.

Trebarnsfaren, som mange kjenner som leiar for Tenesteutvalet og kommunestyrerepresentant for Frp, brenn for å framsnakka skulen sin. I tillegg vil han betra kommunikasjonen mellom heim og tilsette og gje bygda endå større eigarskap til den lokale skulen.

- Øyafolket er ein ressurssterk gjeng med sterk dugnadsånd, så vi har verdas beste utgangspunkt for å få til noko bra her, seier han engasjert.

- Vi vil framsnakka skulen, lærarar, medelevar, leksearbeid og andre foreldre, seier tre av dei som arbeider med  «Saman er vi best».
- Vi vil framsnakka skulen, lærarar, medelevar, leksearbeid og andre foreldre, seier tre av dei som arbeider med «Saman er vi best».

Konkret

Hesthamar møter oss saman med FAU-leiar Rebecca Lerch Dahl og rektor Elin Skaatun. I tilegg til fire andre, utgjer dei komitéen som no arbeider med å konkretisera prosjektet.

- Eg skal lova deg at dette er ein komité som får ting gjort, seier Lerch Dahl og dei to andre som stiller opp for å dela prosjektet med resten av bygda.

- Men Skaatun, du kjenner deg ikkje overkøyrd som rektor av ein slik prosjektidé?

- Nei, ikkje i det heile. Eg set pris på foreldre med engasjement. Samtidig må vi ha respekt for kvarandres roller. Det er ikkje det same å vera lærar som å vera forelder, svarer ho.

Dei tre snakkar med stor iver om den flotte skulen sin. Og kor viktig det er å framsnakka lærarar og medelevar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Baksnakking

- Men i ei bygd der både foreldre og besteforeldre har gått på skulen, er det vel slik at alle har ei meining om kva som er bra og ikkje?

- Ja, det kan vera ei utfordring. Og der må vi som foreldre våga å ta fatt i eigne haldningar. Står vi på butikken og baksnakkar ein lærar og adopterer negative rykter eller sjekkar vi ut om det er hald i det vi høyrer, spør Hesthamar retorisk.

- Betyr dette at det ikkje skal vera rom for kritikk?

- Nei, sjølvsagt ikkje. Men det er her riktig kommunikasjon kjem inn i biletet. Dersom det oppstår ein negativ situasjon, så må vi ta kontakt med skulen på ein skikkeleg måte. Ein epost i ein sein nattetime med skjellsord og utropsteikn er døme på korleis ein ikkje skal gjera det, seier Hesthamar og får støtte frå dei to andre.

Temamøte

For ein månad sidan inviterte komiteen alle foreldra ved skulen til ein temakveld om prosjektet. Der vart dei delt inn i grupper og bedne om å drøfta påstandar som: "Eg meiner at mi haldning til skulen som føresett ikkje påverkar borna", "Eg tek meldingar frå lærar om mitt barn alvorleg. Eg følgjer det opp heime" eller "Eg tør å ta til motmæle om nokon snakkar negativt om skulen".

- Engasjementet var enormt. Det var vanskeleg å få stoppa summinga i salen, ler FAU-leiar Lerch Dahl.

Dei skriftlege tilbakemeldingane rektor har fått, viser også at foreldra fekk utbyte av kvelden.

- Meininga er jo ikkje å fortelja folk noko dei ikkje veit, men snakka om ting vi gjerne ikkje er medvitne på, forklarer Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nabokjerring

Gjengen vil gjerne invitera til fleire temakveldar og vonar heile bygda, med både tilflyttarar og "femte-generasjons-øyafolk", kan kjenna seg inkludert i haldnings-prosjektet.

- Skulen skal vera med på å gjera elevane til gagns menneske. Nokre meiner det høyrest så gamaldags ut, men det er eit svært godt uttrykk som seier noko om å greia seg i samfunnet og bety noko positivt. For å få dette til bør vi kanskje få nabokjerringane litt tilbake. Våga å bry oss om og bry oss med på ein konstruktiv måte, seier Skaatun.

- Er dette eit prosjekt de vil gje vidare til andre skular i Os?

- Absolutt. Det har alt vore litt interesse frå andre skular, og om nokon vil ta det vidare, så versågod, seier dei tre i kor.