Tenåringen køyrde i 128 km/t under lærekøyring (Illustrasjonsfoto)
Tenåringen køyrde i 128 km/t under lærekøyring (Illustrasjonsfoto)

Øvingskøyrde i 128 km/t

Guten som køyrde for fort slapp straff, men bilens eigar mista lappen og vart dømt til fengselsstraff.

Hendinga fann stad i sommar medan kvinna i 50-åra var på besøk på Austlandet. Ho let ein ungdom prøvekøyra bilen med henne som rettleiar på passasjersida.

- Bilen heldt ein fart på 128 km/t ein tettbygd stad der fartsgrensa var 80 km/t, går det fram av dommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter vegtrafikkloven § 26 vert rettleiar ved øvingskøyring halde for å vera føraren av motorvogna.

Straffa

Kvinna vart dømt til fengsel i femten dagar, med ei prøvetid på to år. Det vil seia at straffa blir ansett som sona viss ho oppfyller dei andre elementa i dommen. Desse var ei bot på 10.000 kroner og tap av førarretten i fem månader.

Eigentleg skulle osingen ha mista lappen i åtte månader sidan farten var såpass høg, men retten fann at det var rettare å setja tapsperioden til fem månader. Dette fordi det ikkje var kvinna som køyrde bilen, og fordi det ikkje oppstod skade eller konkret fare ved råkøyringa. Den sikta forklarte også at ho har bruk for bilen i det daglege.