Magne Djuvik reagerer på at opposisjonen sitt budsjettforslag ikkje er saldert.
Magne Djuvik reagerer på at opposisjonen sitt budsjettforslag ikkje er saldert.

- Millimeter frå Robek-lista

Budsjettarbeidet engasjerer. Spesielt når dei to politiske leirane dreg i vidt forskjellige retningar.

Etter at saka om kva Fusa kommune bør gjera med tome skulebygg stod på trykk på osogfusa.no på måndag, tok varaordførar Magne Djuvik (Frp) kontakt med avisa. Han meiner opposisjonen, det vil seia Sp og H, sitt budsjettforslag minner meir om ei ønskeliste enn eit reelt budsjett.

- Budsjettforslaget deira er ikkje saldert. Sp og H føreslår ei rekkje tiltak, utan å seia noko om kvar dei skal skaffa pengane frå. Har dei heilt gløymt at Fusa kommune er millimeter frå å koma på Robek-lista som den einaste kommunen i Hordaland? undrar Djuvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varaordføraren meiner òg det er for tidleg å ta stilling til kva skulebygga eventuelt skal brukast til i budsjettmøtet om ei veke.

- Først må det gjerast vedtak om å endra strukturen. Deretter må kommunestyret bestemma kva skulane skal brukast til, seier Djuvik.

Underskot i 14 og 15

I budsjettbrevet frå Fylkesmannen i Hordaland frå juni 2015 går det mellom anna fram at Fusa kommune hadde eit rekneskapsunderskot i 2014 - etter netto bruk av avsetjingar - på 1,4 millionar kroner.

- Rekneskapsunderskotet må bli dekt inn seinast i 2016 for at kommunen skal unngå å bli registrert for godkjenning og kontroll etter kommunelova paragraf 60 (Robek), heiter det i brevet.

Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunna ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar. Før 2001 måtte alle kommunar og fylkeskommunar ha slik godkjenning frå departementet.

Per 1. desember 2015 står 49 norske kommunar på lista.

Vidare skriv fylkesmannen at det for 2015 er vedteke eit budsjett med eit netto driftsunderskot 980.000 kroner. Underskotet skal etter planen dekkjast ved bruk av disposisjonsfondet.

- Kommunen kan ikkje halda fram med å ha netto driftsunderskot då det vil føra til at den blir utan driftsreserver og utan økonomisk handlefridom, heiter det i brevet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudmålet for kommunen må ifølgje Fylkesmannen vera å driva med netto driftsoverskot. Kommunen må dessutan vera varsam med nye investeringar og låneopptak på bakgrunn av den krevjande økonomiske situasjonen.

- Nye lån bør i hovudsak vera knytt til investeringar som er sjølvfinansierande eller som gjev driftsinnsparingar, skriv fylkesmannen.

Store endringar

Aud-May Boge (H) presiserer at opposisjonspartia er fullt klar over den økonomiske situasjonen til Fusa kommune.

- Vi vil sjølvsagt gjera vårt for å retta opp i det, seier Høgre-politikaren og legg til:

- Det var ikkje Fusa Høgre som budsjetterte med underskot i 2015.

At budsjettforslaget som Sp og H la fram i formannskapsmøtet, ikkje var saldert, beklagar Boge.

- Forklaringa er at vi har gjort relativt store endringar i forhold til rådmannen sitt budsjettnotat. Det var mykje arbeid, noko som føret til at vi ikkje fekk høve til å kvalitetssikra inndekkinga før møtet. Det skal vi sjølvsagt retta opp i til 17. desember, seier Boge.