Tappar vatnet med måte
- Me kunne gjort det raskare, men for å hindra utglidingar må me rekna kring 30 dagar på å tappa Svegatjørn.
Orda kjem frå strandvikinging Hans Aakre. Han er anleggsleiar for ein god del av Veidekkes utbygging i samband med nye E39.
- Eg har ansvaret for alt du kan sjå i dagen. Tunell-arbeidet er det andre som har ansvaret for, fortel 30-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
40 kontoristar
Frå oktober av byrja Veidekke å førebu utbygginga frå Svegatjørn-sida. I dag er det ført opp ei rekkje brakker på vestsida av vatnet.
- Dette vert hovudkontoret vårt i tida framover. Her husar me over 40 personar. Etter kvart skal me få mindre kontor i Endelausmarka og på Hamre, fortel Aakre.
Sjølv reknar han med å vera mest i Os.
- Det er på denne sida av "fjellet" eg har mest å passa på. Men mitt totale ansvarsområde går her frå Svegatjørn til Fanavegen i Rådalen, fortel strandvikingen.
Tappar "badekaret"
Tysdag denne veka starta Aakre og teamet hans å tappa Svegatjørn for vatn - ein jobb utanforståande gjerne hadde tenkt var ein rask jobb.
- Me må bruka litt tid på dette. Aller mest for å hindra at området rundt byrjar å siga og at me dermed forårsaker ras, forklarer Aakre.
Han viser oss pumpeanlegget som er plassert midt på vatnet.
- Det er rimeleg store vassmengder det er snakk om. Sjølv no, når me tek det i "sakte" tempo pumpar me heile 100 liter vatn i sekundet, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vassmengdene vert skylt langs med vegen til Borgafjell-brua og over i Ulvenvatnet.
- Med denne farten pumpar me vatnet for 30 cm per dag. Ettersom vatnet er kring 10 meter djupt, reknar me altså med å bruka rundt 30 dagar, forklarer Aakre.
Fylt med stein
Når Svegatjørn er historie, starter Veidekke arbeidet med å planera området.
- Dette vil skje i samband med at me gjer innhogg i fjellet og byrjar på den vel 1,2 km lange Skogfjellstunellen som fører til Endelausmarka. Steinmassane frå tunellen skal fylla dumpen der Svegatjørn ein gong var, forklarer Aakre.
Medan vatnet vert pumpa bort jobbar dei no med å laga eit såkalla "påhugg" i nordaust-enden av vatnet.
- Dette er starten på det som med tida vert tunellen. Med tida vil me fylla på med masse i området rundt, slik at ein nærast berre ser opninga, seier Aakre.