600-bussen skal gå gjennom Hjellemarka
Assisterande rådmann Paul Manger opplyser at Skyss har gått med på gje folk i dei nye byggjefelta i Hjellemarka lettare tilgang til bussen.
- Skyss har gått med på å leggja nokre av 600-avgangane innom Hjellemarka, sa Paul Manger til plan- og bygningsutvalet.
Endringa vil bli sett i verk frå sommaren 2016. I tillegg vil 600-bussen gå oftare i rushet.