Politiet gjekk til væpna aksjon måndag ettermiddag.
Politiet gjekk til væpna aksjon måndag ettermiddag.

Brann i Halhjemsmarka

Bebuarane greidde sjølve å sløkkja brannen då det klokka fire i natt tok fyr i eit inngangsparti i Halhjemsmarka.

Både politi og brannvesen kom raskt til staden då det tok til å brenna i eit inngangsparti i eit hus i Halhjemsmarka i fire-tida i natt. Då hadde bebuarane alt greidd å sløkkja brannen sjølv. Brannvesenet sjekka brannområdet og sikra at det var trygt.

- Bebuarane var vakne då brannen oppstod. Truleg har det teke fyr i ei bøtte med sigarettar som stod på utsida av døra, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannen vert etterforska vidare for å fastlå årsaka.

Stolen påhengsmotor

Politiet i Fusa fekk onsdag melding om ein stolen påhengsmotor i Bergegrend. Ein

9,9 hestar Yamaha vart teken frå ei jolle som låg fortøyd ved ei flytebrygge der. Politiet ynsker tips frå publikum i saka.

- Det er lenge sidan vi har hatt tjuveri av påhengsmotor i Fusa, men generelt skjer dette gjerne på haust og vår. Så det kan vera lurt om folk er obs og held kontroll på påhengsmotorane sine, seier politifyrstebetjent Ove Ivarhus.