Os brannvesen var på pletten i natt då ei gravemaskin stod i brann i Falkavegen på Lepsøy. (Arkivfoto)
Os brannvesen var på pletten i natt då ei gravemaskin stod i brann i Falkavegen på Lepsøy. (Arkivfoto)

Brann i gravemaskin

Like før klokka to i natt fekk brannvesenet i Os melding om brann i ein gravemaskin i Falkavegen på Lepsøy.

- Då vi kom til staden var førarhuset utbrent, og flammane hadde spreidd seg til undersida av gravemaskinen, der dieseltanken ligg, opplyser varabrannsjef Arne Monsen.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreia seg, og etter å ha kjølt ned gravemaskina og drive med ettersløkking var brannfolka tilbake på stasjonen etter vel 1 og 1/2 time.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gravemaskina stod på ei fylling som ligg litt for seg sjølv. Det var ingen personar på staden då brannvesenet kom, og ingen personskadar, fortel Monsen.

Ein politipatrulje frå Fana rykte òg ut til brannen på Lepsøy i natt. Førebels er det uvisst kva brannårsaka er.

- Området er sperra av. Krimteknikarar skal undersøkja brannstaden, fortel politioverbetjent ved Osd lensmannskontgor, Audun Hadler-Olsen.

Førarhuset i gravemaskina var utbrent då brannvesenet kom til staden.
Førarhuset i gravemaskina var utbrent då brannvesenet kom til staden.

Trafikkuhell

I 21-tida onsdag gjennomførste politiet i Os ein trafikkontroll i Lyseklostervegen. 50 bilar vart kontrollerte.

- Vi hadde fokus på promille og dokumentar. Det var ingenting å setja fingeren på, seier Hadler-Olsen.

Same kveld, i 23-tida, var det eit trafikkuhell i Hegglandsdalsvegen. Ein moped velta.

- I samband med uhellet, kontrollerte vi tre mopedar. Alle fekk køyreforbod på grunn av tekniske feil på køyretøya, fortel politioverbetjenten.