Bråk og promillekøyring
Ein mann i 20 åra vart teken for promillekøyring på Lepsøy. Ein mann i 40 åre vart meldt for bråk og ruteknusing i Os sentrum.
Patruljen til Os lensmannskontor måtte agera ved fleire høve natt til laurdag. Klokka 01.30 rykkte dei ut til Lepsøy etter å ha fått melding om at ein mann hadde køyrt av vegen. Føraren av bilen, ein mann i 20-åra, verka ikkje å vera edru og vart teken med til legevakt i Os for blodprøve. Mannen vart fråteken sertifikatet på staden, og er mistenkt for promillekøyring.
I Os sentrum vart ein mann i 40 åra bede om å forlata ein uteplass etter å ha vore involvert i bråk og ordensforstyrring. Utanfor uteplassen knuste mannen ein bilrute. Like etter vart han teke hand om av politiet, som tok han med seg og køyrde han heim. Mannen er meldt for ordensforstyrring og hærverk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også to menn i 20 åra fekk pålegg om å forlata ein uteplass i Os natt til laurdag. Begge menna etterkom anmodninga. Saka får dermed ingen vidare følgjer.