Maja Reksten Holme gir alt. (Alle
Maja Reksten Holme gir alt. (Alle

Verb i danseform

Framsyninga «Verbo» har vore ei sterk reise for både kropp og sjel for dansarane ved Os kulturskule.

- Eg er veldig stolt av jentene mine. Dei har jobba så hardt og verkeleg ofra seg undervegs, seier koregraf og danselærar Patricia Langeland.

Torsdag 18. juni står dei eldste elevane ved danselinja på Os kulturskule på scena i Oseana med framsyninga «Verbo».

Artikkelen held fram under annonsen.

Blodige bein

12 år etter at Patricia sjølv laga stykket, har ho henta det fram på ny. Noko ho aldri tidlegare har gjort med noko framsyning.

Grunnstammen er verb. Korleis alt vi er, tenkjer og føler vert uttrykt gjennom kroppane våre.

- Korleis dansa verb som "å tru" eller "å gje slepp", spør ho retorisk.

Amalie Lekven, Benedikte Thorsen, Camilla L. Haugland, Maja R. Holme, Selma Bunæs, Sofie U. Irgens Hagevik og Åshild Os (tilfeldig rekkefølgje).
Amalie Lekven, Benedikte Thorsen, Camilla L. Haugland, Maja R. Holme, Selma Bunæs, Sofie U. Irgens Hagevik og Åshild Os (tilfeldig rekkefølgje).

Arbeidet med å kroppsleggjera dei kjensleladde verba har vore svært krevjande for dei sju unge dansarane.

- Det har vore både sterke følelsemessige prosessar og såre, blodige føter, smiler Patricia.

Kvifor?

Sjølv om «Verbo» har vore dansa før, er innhaldet nesten heilt nytt, fortel ho.

- Så snart vi gjekk i gang med øvinga, skjøna vi at det måtte bli annleis.

- For 12 år sidan godtok dansarane koreografien utan motforestillingar. I dag er det annleis. Ungdomane stiller spørsmålet "kvifor" til alt, smiler Patricia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både ho og kollega, danselærar Julia Bergesen, har opplevd prosessen som svært spennande pedagogisk.

- Medan jentenes høgdepunkt vert å stå på scena i Oseana, er vårt arbeid fullendt. Nå må eg gje slepp og la dei visa kva dei kan, seier ho.