Astrid Heidal og Bodil Samnøy gjev fusingane lengre tid til å koma med forslag til Frivilligpris-kandidatar. (Arkiv
Astrid Heidal og Bodil Samnøy gjev fusingane lengre tid til å koma med forslag til Frivilligpris-kandidatar. (Arkiv

Utsett frivilligpris-utdelinga

Fusa Frivilligsentral har bestemt seg for å utsetja Frivilligpris-utdelinga til hausten.

For litt sidan etterspurde Fusa Frivilligsentral kandidat-forslag til årets Frivilligpris i Fusa. Tanken var då å dela ut prisen på det komande årsmøtet måndag 11. april. Slik vert det ikkje.

- Me har fått mange gode forslag, men har likevel bestemt oss for å utsetja prisutdelinga til haustens Frivilligfest, seier dagleg leiar i Fusa Frivilligsentral, Bodil Samnøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at dei innsende forslaga sjølvsagt vert teke med vidare i prosessen.

- Me tek med oss dei forslaga me har fått til no, så er det sjølvsagt kjekt om fleire kandidatar vert føreslåtte i tida fram til festen i november, avsluttar Samnøy.