Os Ap i økonomisk spagat

I denne valkampen hadde vi i Os FrP tenkt å konsentrera oss om å få fram vår eigen politikk, men etter å ha sett Arbeiderpartiets mange svulstige lovnader og stadige angrep på Frp/H må vi ta til motmæle, skriv Terje Søviknes.

LESARBREV: Os Ap har gjennom heile valkampen, ikkje minst på Facebook, kritisert Frp og Høgre for å bruka for lite pengar på tenesteproduksjon. Konsekvent har dei samanlikna Os kommune sin pengebruk mot landsgjennomsnitt for kommune-Norge. Det vert ei fordumming av debatten. Os kommune er ein liten og kompakt kommune med korte reiseavstandar, og skal etter dei objektive kriteria i inntektssystemet for kommunane driva rimelegare enn landsgjennomsnittet. Difor får vi også lågare overføringar frå staten i dei årlege budsjetta.

Os kommune er i dag mellom dei tre mest effektive kommunane i landet, og likevel scorar vi godt på Kommunebarometeret som måler tenestetilbodet i kommunane. For 2014 er vi heilt oppe på 59.plass av 428 kommunar!

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom sine innlegg gjev ordførarkandidat Helge Steinum (Ap) og varaordførarkandidat Tone Hepsøe (Ap) inntrykk av at dei vil bruka mykje meir pengar på nærast alle område. Den eine lovnaden overgår den andre. Totalt summerer lovnadene seg til fleire titals millionar kroner per år. Kva pengar er det Os Ap har som ingen av dei andre partia i Os kommunestyre har?

Oppsummert har Os Ap sagt følgjande gjennom kommunevalkampen;

1. Alle tenester skal styrkjast og ei rekkje kostbare driftstiltak etablerast

2. Os Ap er bekymra for lånegjelda i kommune

3. Os Ap vil ikkje innføra eigedomsskatt

4. Os Ap vil ikkje selja kommunal eigedom

Ein treng ikkje vera økonom eller spesielt årvåken for å sjå at desse fire punkta ikkje heng i hop. Du kan ikkje på eine sida vera bekymra for lånegjelda, sei nei til eigedomsskatt og sal av eigedom, - og samtidig auka driftskostnadane dramatisk. Kor skal Os AP ta pengane frå? Dei har akkurat den same økonomiske kaka til fordeling som alle dei andre partia i Os kommunestyre.

Interessant er det også å sjå kva Os Ap faktisk har gjort i kommunestyret dei siste fire åra. Stort sett har dei kvart einaste år brukt om lag like mykje pengar innan skule og helse/omsorg som dei andre partia. Då vert alle valløfta dei kjem med no utan substans. Det vert bare tomme løfter og valflesk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os Frp prioriterer vi dei viktigaste tenestene først. Innanfor det handlingsrommet som kommuneøkonomien gjev vil vi i komande periode satsa på målretta tiltak innanfor Prosjekt Betre læringsresultat i skulane og gradvis styrkja eldreomsorga gjennom utbygginga på Luranetunet. Å lova meir til alt slik Ap gjer, er å kasta blår i augo på veljarane.

Frp og Høgre har gjennom 16 år vist evne til prioritering og god økonomistyring. I 2014 gikk Os kommune med 46,3 mill kr i overskott, og det utan eigedomsskatt.

Vi voner du framleis ynskjer stabil og handlekraftig styring av Os kommune etter 14.september.

Godt val!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat, Os Frp