Marie Hilda Sælen Larsen med anbefalte farsdagspresangar hos Jernia Os.
Marie Hilda Sælen Larsen med anbefalte farsdagspresangar hos Jernia Os.

Harde pakkar til far

Marie Hilda Sælen Larsen hos Jernia Os satsar på harde farsdagspakkar til både ektemann og svigerfar.

- Men det er hemmeleg kva det er, altså. Det skulle ha tatt seg ut om det kom på trykk i avisa, ler Marie Hilda.

Det er roleg hos Jernia Os når Os & Fusaposten tek turen innom fredag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har ikkje vore noko farsdagsrush akkurat, nei, seier ho.

Butikken har laga til ei eiga hylle med harde pakkar, spesielt godt eigna for far. Her er ulike pipesett og hovudlykt for å nemna noko. Samt salatbolle-sett

- Det er vel kanskje ikkje fars favoritt?

- Nei, eg hadde nok gått for pipesettet, smiler ho.

- Har menn det med pipesett, som damer med sminke - ein får aldri nok?

- Ja, det kan godt henda det, ler ho.

Åleinefar

Farsdagen hadde, som det meste anna, sitt opphav i USA.

På morsdagen i 1909 sat Sonora Louise Dodd og lytta til preika i kyrkja si. Det fekk henne til å tenkja på faren. Krigsveteranen hadde oppfostra dei seks borna åleine etter at kona døydde i barsel. Ho tenkte at han var ein helt, og fekk ideen til å laga ein farsdag på bursdagen hans i juni. Litt etter litt vann ideen fram. Med andre ord er dette ein dag som faktisk ikkje er initiert av handelsstanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan USA har sin farsdag på tredje søndag i juni, feirar vi i Noreg andre søndag i november.

Arbeidshanskar

- Kva fekk mannen din til farsdagen i fjor?

- Då fekk han arbeidshanskar og konfekt. Også i år blir det ei blanding av hard og mjuk pakke. Av erfaring veit eg at det er kjekkare med verktøy enn skjorter og sokkar, ler Marie Hilda.

- Men når du gjev han arbeidshanskar, er det for å hinta om noko han burde ha gjort i heimen?

- Nei, det er rett og slett fordi eg trur han har bruk for det sidan dei førre er utslitne, smiler ho.