Marius Mikkelsen var fyrstemann ut på catwalken.
Marius Mikkelsen var fyrstemann ut på catwalken.

Fotballgutta inviterte til hyggjekveld

Ingen sakna David Beckham då Os Turns A-lag viste motar på Os eldresenter torsdag kveld.ANne Marie Aarøen Vangsnes

- Eg trur det er pessimistar og ikkje pensjonistar som har dekka på borda, kommenterte ein slagferdig konferansier Tore Kleppe.

80 pådekka kuvertar viste seg nemleg raskt å vera for lite etter kvart som stadig fleire ramla inn døra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle Os Turn-medlemer hadde fått invitasjon og vorte oppmoda om å ta med seg bestemor og bestefar til hyggjekveld på eldresenteret. Men det var Os Turns A-lag og støtteapparatet rundt, som var vertskap.

Modellpappa Kleppe

Spelarane stite som mannekengar for dei lokale butikkane Zeller, Dressmann og MX Sport.

Og med "modellpappa" Kleppe bak mikrofonen, vart mannekengarbeidet til fotballspelarane behørig kommentert. For eksempel då Rafael Villen skreid over catwalken:

Christoffer Hafsås.
Christoffer Hafsås.
Tore Kleppe vart truleg fødd med ein mikrofon i handa.
Tore Kleppe vart truleg fødd med ein mikrofon i handa.
Rafael Villen serverer rundstykke og kaker.
Rafael Villen serverer rundstykke og kaker.
Quizen vart besvart ved å enten leggja hendene på hovudet eller baken.
Quizen vart besvart ved å enten leggja hendene på hovudet eller baken.
Isak Riple møtte mamma Trude i finalen, og gjekk av med sigeren.
Isak Riple møtte mamma Trude i finalen, og gjekk av med sigeren.

- Alle damene sit med klinkekuleauge medan mennene held på å sovna. Det er heilt normalt, small det frå Kleppe.

Ikkje alle verka like trygge i modell-rolla. For kor skal ein eigentleg gjera av hendene sine når ein prøver å gå så stilig som mogleg? Sjarmerande var det uansett.

Henta i buss

Trenar Hassan El-Fakiri heldt tale på vegner av spelarane.

- Snart er det seriestart og då håpar eg på dykkar støtte. Damene i kiosken er klare, og de veit at dei lagar utruleg god kaffi. Eg skulle ynskja vi kunne kjøpa ein buss, så kunne vi koma og henta dykk til kvar einaste kamp, sa han til applaus frå salen.