HAUSTEN ER HER: - Sjekk grøfter og kummar kvar dag
Brannvesenet vil oppmoda alle til å ha eit ekstra auge med slukar og kummar. Det er nemleg høgsesong for oversvømmingar.
- Dei som har grøfter og kummar på eigedomen sin bør sjekka dei kvar dag, seier beredskapssjef Arne Monsen og held fram:
- Det kjem mykje lauv frå trea, og me har mange vindfulle dagar. Det skal ikkje mykje til før dei vert tetta til, og vatnet tek ei heilt anna retning enn der me ønskjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Alle bør føla ansvar
«Os og Fusaposten» fekk vera med Monsen på ein liten køyretur i kommandobilen i dag for å sjå om me kunne finna nokre tette kummar. Me trong ikkje leita lenge.
- Denne er på kommunal vei. Det vil seia at det er kommunens ansvar at han ikkje vert dekt til, seier Monsen.
Kommunen har ikkje kapasitet til å tilsetja folk som kan halda kummar og grøfter frie for lauv, kvist og søppel kvar einaste dag. Difor meiner beredskapssjefen at det er viktig at "mannen i gata" føler på ansvaret.
- Det er enkelt å snu seg vekk om ein ser eit slik problem. Om ein ikkje ønskjer å fjerna det på eigahand, så tenkjer eg at ein i det minste bør ta kontakt med dei som er ansvarlege. Til sjuande og sist er det ei utgift for storsamfunnet om tette kummar og grøfter endar med oversvømming i hus, seier Monsen.
Gode på grøfting
Privatpersonar skal varslast om det er privat veg eller eigedom. Kommunen har ansvar for kommunal veg, og om det er riksveg er det vegtrafikksentralen som skal kontaktast. Statens vegvesen har underleverandørar som har som oppgåve å rydda veg for vatnet.
I kommunen er det teknsisk drift som er ansvarlege for å rydda kummar og grøftar. Teknisk sjef, Marianne Kramer, fortel at dei har rutinar for å fjerna lauv på hausten.
- Me er ute og rydder jamt og trutt. Samferdselsavdelinga har oversikt over kvart risikoområde, der me gjerne har litt større fokus, seier ho.
Dei milde vintermånadene me fekk i starten av året, gjorde at kommunen fekk gjort litt grøfting.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me føler meg har gjort ein god jobb med grøftinga, noko som er viktig. For om ei grøft er god, så renn vatnet der det skal. Me håper me er godt budde på tida som kjem, seier Kramer.
Tips i regntung tid
Det er ikkje lenge sidan brannvesenet måtte rykka ut på grunn av dårleg drenering som gjorde atto hus fekk kjellarane fylt med vatn i Myrvollen.
- Dei aller fleste slike oppdrag som me får, er grunna dårleg drenering. Dei andre tilfella er når det kjem så mykje nedbør at røra ikkje klarer å ta imot alt, og det kjem opp i husa, seier Monsen.
Os kommune har ein informasjonsbrosjyre (Fare for vatn i kjellaren?) liggande på heimesida si.
- Der finn ein god informasjon å ta med seg i tida som kjem, seier Kramer.