Folkedans og fiske
Solveig Åsvang (82) og Olav Åsvang (79) på Baldersheim har dansa seg gjennom samlivet. Korleis har dei fått det til?
Denne dagen seint på året står ein rugg av regnboge opp av Nore Skåravågen då me køyrer forbi. Litt lenger framme tek me av til høgre. Det er bratt zikk-zakkveg ned til huset ved sjøen. På postkassestativet står det "Saltkjelen".
- Eigentleg heiter det vel Saltbæreneset, men det synest me vart litt langt, fortel Solveig når me sit inne ved kjøkenbordet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Elles skriv me Skår til ekstra adresse, fortel Olav.
- Ikkje "Skør" då, som det heiter på dialekta? spør me.
- Du kan gjedna seia det slik. Liknande "Ballese" for Baldersheim.
Tre høns på kaikanten
Huset ligg fint til ved ein våg dei har heilt for seg sjølv. Søre Skøravågen seiest det, medan kommunen vil ha det til at det heiter Lyngnesvågen. Det er ikkje alle som har ein heil våg heilt for seg sjølv? Nei, det er det jammen ikkje, konstaterer Solveig.
- Visst har me det. Det er litt sånn "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Men så lenge me er gode til å køyra bil, så skal me ikkje klaga, seier Olav.
Det er 45 år sidan dei flytta inn. Døtrene Hildebjørg i Lysefjorden og Ingvild i Aurland i Sogn er for lengst flytta ut.
No er det berre Solveig og Olav som bur der. Og kattane Gubben og Sesso. Og tre høns på kaikanten som er blitt så gamle at ikkje reven bryr seg med dei lenger.
- Og fisk har me fem dagar i veka. Men om søndagen har me biff. "Biff?", spør folk. "Jadå. Seibiff", seier eg, spøkar Olav.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torskelever på vegg
Olav vart fødd nokre kilometer lenger nord, der elva frå Bårdtveitvatnet renn ut i sjøen. Eller Lundberg som det heiter. Besten Jonas Svinastein (seinare Lundberg) dreiv skaftefabrikk og hadde kraftstasjon som produserte straum til heile Sørbygdo og fram til butikken og meieriet. Dei var ni i Olav sin søskenflokk.
- Me var ein heil gjeng. Eg er eldst og er no i mitt åttiande år, hohoi, seier Olav, som blir litt "øvegøven" over korleis åra går.
Det var skule annankvar dag. Men fisking var mest spennande.
- Me såg fram til sommaren. Halt ut, halt ut! Me sprang som nokre tørtlar oppe i fjærene der og halte på not.
Oljeklede var det smått med.
- Besten hadde noko olje som han hadde på kleda som hang i naustet. Det klistra seg saman og du måtte strekkja klede frå kvarandre før du tok dei på deg. Me kjøpte heller ikkje måling, men hadde torskelever på fat som me blanda fargepulver i og målte nausta med.
Feittet i levera vart til lyse, som dei brukte i staden for linolje.
- Blanda med terpentin? undrar Solveig.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Terpentinen var ikkje komen i dei dagar.
- Det skal du ikkje seia. Det var terpentin på butikken når eg var 15 år, det er eg heilt sikker på.
-Det todna (tørka) forferdeleg seint. Og så lukta det fisk. Bua vår på Femangerholmen var oker, fortel fiskaren.
Husmorskule
Solveig er fødd i Jondal. Det vart folkehøgskule på Lofthus, butikkfagskule i Bergen og husmorskule i Hallingdal.
- Mammo talde til (ville) at eg skulle gå på husmorskule. Ho ville helst ikkje ha nokon rundt seg på kjøkenet.
Elles var det no å skaffa pengar, og difor stod Solveig på butikk i fleire omgangar. Utanom eit lite stipend til folkehøgskulen, måtte finansieringa skaffast sjølv.
- Me tente ikkje nok på fisket slik at me kunne kjøpa nye båtar. Ein skulle ikkje låna pengar og setja seg i skuld, ein skulle ikkje det, hugsar Olav.
Slik var det også på Baldersheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då me bygde hus i 1969 lånte me 60.000 kroner hos Husbanken, men kva er det i dag, undrar Olav.
En snekke gled
I 1955 spurde Olav etter jobb hos Gustav Bahus på Os der dei laga møblar. Og frå 1956 til -57 var han i militæret.
- Fire månader på Heistadmoen og eitt år på Trandum. Kjekt og kjekt, det var berre å få det gjort. Ikkje var det noko gagn i å skapa seg galen heller, det var ikkje tære vits i.
Karane i grønt hadde ofte litt tid til overs. Då hende det ofte at den som la seg øvst i etasjesenga, ramla ned i køya under.
- Me fekk velferdsperm til Oslo der me skulle vera med som publikum i radiospørjeprogrammet «Det spørst» på Marienlyst. Første gongen ramla Rolf Kirkvaag ned i eit fly i Ringebu, så då vart det utsett. Eg hugsar ein Leonardsen frå Bergen fekk spørsmål om kva årstal den første dampmaskina kom - men kven kan minnast noko slikt på ståande fot? Og så var me på Edderkoppen og Chat Noir der Kari Diesen song "Nedover fjorden en snekke gled, akk hvore timene flyr...", syng Olav.
- Og så skulle me på Rosekjelleren for å helsa på Einar Rose, men me kom ikkje inn..
Oppskrift og Hordaringen
Solveig kjem med eit krus kaffi og eit fat julabrødskiver med brunost.
- Og du då, spør me.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigentleg ville ho ikkje vera med på intervjuet og såg helst at mannen tok seg av praten.
- Nei, eg har no levt eit sunt og kjedeleg liv, seier ho og ler.
Solveig budde seks, sju år i Oslo og stod på butikken Figgen i Kirkegaten 32, ikkje langt frå Domkyrkja.
- Det var heilt ålreit det, hadde ikkje noko problem med språket eller noko anna. Men det knytte seg for ei som ikkje skjøna ei strikkeoppskrift. Me måtte ringja til Dale fabrikker og heller ikkje dei kunne sjå noko gale. Men ho ville ikkje gje seg, og då var det måten eg snakka og opptredde på som det var noko i vegen med. Men elles gjekk det greitt.
Solveig likte seg godt i hovudstaden og var mellom anna med i folkedanslaget Hordaringen, der ho trefte andre frå heimfylket.
Lagnaden
Tilbake etter militæret byrja Olav på Bergen mekaniske verksted på Laksevåg. Han byrja gå i Bondeungdomslaget og dansa folkedans, saman med hålandsdølen Torkjell Bjørkheim. Det hadde vore kurs i folkedans med Solveig Tveita på Baldersheim tidlegare, så Olav kunne litt frå før.
Påska -58 arrangerte ungdomslaget tur til Voss. Han inviterte Solveig, som då stod på butikk på Fosse i Strandebarm. Men lagnaden var ikkje heilt med på notane.
- Nei, den gongen vart det no berre slik, seier Olav.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det vart ikkje nokon ting, fortel Solveig.
Telt og dans
Ti år etterpå var det stemne i Odda. Solveig og ei veninne låg i telt og det var eit "helgolands" ver og snø på toppane. Om kvelden var veninna blitt sur og var lei av å byta til bunad i teltet, men Solveig meinte ho måtte ta seg ein tur på ein av desse dansane.
- Eg kjende ho ikkje att. Ho snakka til meg og spurde om det var meg. Og det måtte eg no innrømma. Og sidan har me no halde det ved like, seier Olav.
- Eg arbeidde ved Kristiania spigerverk i Oslo før eg fekk hyre på Tryggholm. Me forlova oss under Landskappleiken på Lillehammer i 1968.
Og slik dansa dei seg inn i forlovinga og ektestanden.
"Vossarudl" i gras
Denne landskappleiken førte Olav lukt inn - ikkje berre i ektestanden - men også inn i kringkastinga, noko som er synleg på nettet den dag i dag.
- Eg var til og med i fjernsynet og fekk 100 kroner av NRK, fortel folkedansaren.
Odd Gryte spurde fusingen om han ville dansa vestlandsspringar saman med Laila Fredriken (no Tveitnes). Dette var utanfor eit sel på Maihaugen. Kameraten hans skulle dansa vossarudl, men akkurat det var klipt vekk då programmet gjekk gjennom eteren same kveld.
- Det var tungt å dansa "vossarudl" oppi graset der, så det vart ikkje sendt. Me såg det på hotellrommet før me gjekk på premieutdelinga.
- Du fekk vel ein førstepremie, spør kona.
- Sakta da, seier mannen.
Sjå video av Olav som dansar
Spol til 22,33 minutt ut i sendinga.
Småfuglar og tom kyrkje
- Så det er «Fiske og folkedans» då, det er vel ei god overskrift, spør me.
- Eg håpar no det? Det er dette eg har levd og ånda for, seier Olav, og tek seg ein slurk kaffi.
Episodar frå åra med Holmefjordane på båt, då dei kasta etter mussa og brisling på trøndelagskysten og på Helgeland, kunne blitt ei heil bok med fleire emne. Mellom anna om myggen der oppe som var stor som småfugl.
- Me ringte alltid heim kvar søndagsmorgon. Ein gong kom ein sokneprest forbi og lurte på om me ville vera med på gudsteneste? Det tok ein halv time å køyra over eit fjell. Og då me kom fram til Tosen kyrkje i Bindalen, seier presten at det pleier å vera lite folk til stades. Det var berre oss og klokkaren. Eg kjende det som om han snakka til oss hele tida, hugsar Olav.
- Elles var det no forskjellige akter.
Arbeidsåret på sjøen vart stundom avslutta på Hotell Rosenkranzt der det var alle sortar og dans på lokalet.
Alle stader
Solveig var aldri konkurransedansar, men har vore med i alle år. Når ungane var små, var dei også med på tur til landskappleikar og stemne på stader som Bergen, Voss, Geilo, Nesbyen, Ål, Valdres, Fagernes, Røros, Oslo, Bø i Telemark og Porsgrunn.
Første gongen Olav dansa på kappleik var i 1960 på Voss. Siste gong var på Geilo i klasse for dei over 60. Han fekk premie begge gongene. Sjølv om dei no har pensjonert seg frå dansinga, reiser dei enno på stemne og samlingar, slik som i år i Ulvik og i Bergen.
Solveig har byrja på middagen. Dei ventar på eine dottera som skal koma heimom.
- Me har vel litt felles interesser med dans og slikt, og me har reist mykje i lag. Men det er no mykje me ikkje er sams om også. Han vil lesa avis og vera på sjøen - eg les bøker og liker meg best på fjellet.
- Jaja, seier Olav, og held fram:
- "Bunaden, dansen og deg", er det ikkje det det heiter i ein song?