Føreslår tiltakspakke mot arbeidsløysa på Vestlandet
Regjeringa føreslår tiltakspakke mot arbeidsløyse og vil prioritera personar som er blitt ledige på Sør- og Vestlandet.
Regjeringa la fram sitt budsjettforslag i føremiddag. 1.000 nye tiltaksplassar, ei ungdomssatsing på 30 millionar kroner, 60 millionar kroner til aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar og 13 millionar kroner til eit hurtigspor inn i arbeidsmarknaden for flyktningar med etterspurt kompetanse, er nokre av hovudsatsingane i Arbeids- og sosialdepartementets budsjettforslag.
- Regjeringa er opptatt av at budsjettet skal leggja til rette for auka aktivitet og fleire jobbar, betre velferd og ein trygg kvardag for folk. Dei føreslåtte tiltaka vil bidra til dette, meiner arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arbeidsretta oppfølging
Ungdom og innvandrarar frå land utanfor EØS-området vil bli prioritert for tiltak i 2017. Vidare vert det prioritert innsats mot personar som er blitt ledige på Sør- og Vestlandet.
Ungdomssatsinga vil gjelda heile landet, men vil i første omgang bli særleg retta mot fylka på Sør- og Vestlandet som er hardast råka av auka arbeidsløyse.
- Målet er å koma tidleg i gang med arbeidsretta oppfølging, motivera til jobbsøking og rask overgang til arbeid eller utdanning. Det er viktig at unge unngår lange ledigheitsperiodar, seier Hauglie.
Innsatsen vil vera retta mot arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne under 30 år, som etter åtte vekers ledigheit ikkje er i arbeid, utdanning eller annan aktivitet.
Helseføretaka
Som ledd i regjeringas tiltakspakke, vert det også føreslått eit eittårig tilskot til helseføretaka. Den ekstra innsatsen vert retta mot helseføretak i område på Sørlandet, Vestlandet og Nordvestlandet, det vil seia område der arbeidsløysa har auka mest.
Regjeringa føreslår at 200 millionar kroner vert fordelt til Helse Vest. Midlane skal fordelast av dei regionale helseføretaka etter ei individuell vurdering.