Ørjan Nilsen, Dordi-Anne Koldal og psykiatrisk sjukepleiar i Os, Ingebjørg Helle, er glade for det gode fellesskpet som dei opplever i dagsenteret Kontakto i Os.
Ørjan Nilsen, Dordi-Anne Koldal og psykiatrisk sjukepleiar i Os, Ingebjørg Helle, er glade for det gode fellesskpet som dei opplever i dagsenteret Kontakto i Os.

Alle kan få psykiske plager

Komande fredag markerer brukarar og tilsette i Avdeling Psykisk helse i Os kommune open dag på dagsenteret Kontakto i Allaktivitetshuset.

Verdsdagen for psykisk helse vart etablert i 1992, og vert markert i 150 land. Årets kampanjenamn er: «Sjå kvarandre -kast maska!» - og er særleg retta mot unge menn.

Me tek oss ein tur bortom dagsenteret Kontakto. Dei held framleis til i trivelege og heimakoselege lokale i andre etasje i Allaktivitetshuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er torsdag, og fast middagsdag. Lukta frå komfyren får ein svolten mage til å rumla.

Me kjem først inn i eit lyst rom fullt av ferdige og halvferdige måleri. I gangen innanfor er Torhild Amland i full sving med å hengja opp måleria som ho stiller ut i samband med den opne dagen på fredag.

Utsett for mykje press

At det i år er sett eit ekstra fokus på psykisk helse og unge menn, er kanskje ikkje så rart. Både jenter og gutar opplever eit stort press på det å vera vellukka og prestera på mange plan, men gutar og menn har kanskje vanskelegare for å snakka om problema dei har, og å be om hjelp.

I daglegstova møter me Dordi-Anne Koldal, Ørjan Nilsen og Inger Guttormsen, og saman med Ingebjørg Helle kjem me raskt i dialog om årets tema innanfor psykisk helse.

- Det er veldig lett å skjula seg bak ei maske, og late som om alt er ok, sjølv om me har det tøft, seier Dordi-Anne.

- Ja, kravet frå samfunnet om å vera perfekte og lukkelege, er enormt stekt - og det startar ofte i skulen, legg Ørjan til.

Han trur også at kravet om å lukkast i arbeidslivet - å gjera karriera - er ekstra stort.

- Du kan berre sjå kor mange menn som sit i leiande stillingar, til og med i likestillingslandet Noreg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøft arbeidsliv

- Det er også blitt mykje tøffare i arbeidslivet. Det er heile tida snakk om effektivitet og større inntening, seier Inger.

Ho kjem opphaveleg frå Tysnes, men jobba i 23 år som førstedame i NRK-kantina i Oslo.

- Meir enn 3.000 menneske jobba i NRK på den tida, og kantina hadde plass til 1.000. Eg hadde hovudansvaret for selskapa i julebordsesongen, og sov som regel på jobben, fortel ho.

Men, som så mange har gjort før henne, møtte ho til slutt veggen.

- Ja, så til dei grader! Og eg som alltid har vore eit overskotsmenneske. Det hadde eg aldri trudd, seier ho.

Praten går lett, og det er vanskeleg å riva seg laus.

Viktig fellesskap

- Felleskapen her på dagsenteret er enormt viktig, spesielt når ein er sjukemeld eller har slutta i jobben på grunn av stress og psykiske problem. Her skal ein kunna føla seg sett og akseptert. Sorg og problem blir mindre når me kan dela det, seier Helle.

Kontakto har ope fem dagar i veka, har fast turdag kvar tysdag og fast middagsdag om torsdagane. Brukarane og tilsette oppmodar fleire om å stikka innom dersom ein treng eit positivt fellesskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle interesserte er velkomne innom på kaffi, sveler og marsipankake på den opne dagen førstkomande fredag. Me har også sendt invitasjon til kommunalsjef for Helse, omsorg og beredskap, Nils Petter Borge, politikarar frå Tenesteutvalet, Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne og dei administrative leiarane våre, fortel Ingebjørg Helle, sjukepleiar i psykisk helse i Os kommune.