Edvard og Emilian
Edvard (5) og Emilian (4) går i Nore Fusa barnehage. Begge likar best skru-duplo å leika med, fordi det går an å laga alt mogeleg rart av det.
- Men ute har me ikkje skru-duplo, berre traktorar, seier Emilian.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein gong eg ikkje hadde noko å leika med, måtte me faktisk ta ut duploen, forklarer Edvard.
- Er det sommar no, lurer me på.
- Nei, det er sol, svarar gutane.
Dei fortel vidare at det no er haust og me får gulrøter og poteter. Det er epler, pærer og kongler på trea. Ekorna et kongler. Men kan me eta kongler?
- Nei?!, svar dei to gutane skråsikkert.
Ferieturar er heller ikkje å spøka med.
- Eg var i Irland og så byrja eg å spy, fortel Edvard.
- Når eg var på ferien, då brente eg meg på ein bremse. Ein sånn blå som me kan brenna oss på, seier Emilian.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein brannvarslar...kjem det tankefullt frå Edvard.
Emilian ser ikkje bort frå at det var ein brannvarslar han brende seg på, men kven kan seia slikt sikkert, ferien er alt langt borte.
Edvard skal bli forskar. Fordi han har lyst.
- Eg skal forska på dinosaurar. Fordi dei er skumle, fortel han.
Emilian har ikkje bestemt seg enno.
- Veit ikkje. Eg likar å teikna. Bilar. Ein bil oppå ein lastebil. Pappa jobbar av og til med lastebilen sin. Eg har lyst å køyra lastebil, fortel han.
Edvard bur på Dale, så han må reisa langt med fly for å finna dinosaurane.
- Dei finst i ørkenen i Afrika, avsluttar Edvart.