Inspektør Lars-Tore Johannessen og tre jentene kastar seg ut frå øvste fjellhylla.
Inspektør Lars-Tore Johannessen og tre jentene kastar seg ut frå øvste fjellhylla.

Badedag med våtdraktslag

Lysekloster skule såg ingen annan utvei enn å kjøpa våtdrakter for å gjennomføra badetradisjonen på forsvarleg vis før ferien.

Om nokre år kan ein sjå tilbake på desse bileta av elevane ved Lysekloster skule og tenkja: Ja, slik var det me bada sommaren 2015.

Det er så ein må klypa seg i armen når ein ser på kalendaren. Me skriv altså 19. juni, og eg sit i dunjakke på veg ut til Storholmen utanfor Nordvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føraren av båten er lærar ved Lysekloster skule, Roar Haugsgjerd. Styrmannen er kledd i vinter-anorakk og heildekt vindbukse. Framfor oss sit seks elevar ikledd raude og blå våtdrakter. På beina har dei sokkar og badesko. Elevane sit og hutrar i vinden og lurar på kor lenge dei vil orka å bada, sjølv med vasski-bunaden på.

Kreativ løysing

Det er aktivitetsdagar på Lysekloster skule denne veka. Ettersom skuleåret nær er omme ville dei gjera noko annleis den siste veka. Tradisjonen tru er ein badetur eitt av punkta på programmet.

- Me har delt dei 145 elevane våre inn i fleire grupper. I løpet av veka har dei fått rydda i skogen, hatt eit historisk opplegg i Ulven leir, rusta opp uteområdet ved skulen og altså, som denne gruppa snart skal no, fått seg ein badetur, forklarar inspektør Lars-Tore Johannessen.

Dina Søvik Midthun og Andrine Brunvatne Kvittingen finn roa utanfor hoppe-klippen.
Dina Søvik Midthun og Andrine Brunvatne Kvittingen finn roa utanfor hoppe-klippen.
Vetle Brunborg i svevet.
Vetle Brunborg i svevet.
16 spente elevar klare for eit noko spesielt morgonbad fredag morgon.
16 spente elevar klare for eit noko spesielt morgonbad fredag morgon.
Inger Christine Foldrup, Victoria Bjøro Haarvei, Ellinor Sebak, Dina Søvik Midthun og Andrine Brunvatne Kvittingen.
Inger Christine Foldrup, Victoria Bjøro Haarvei, Ellinor Sebak, Dina Søvik Midthun og Andrine Brunvatne Kvittingen.

Før gjengen kan dra av garde må dei ikle seg våtdrakter og badesko.

- Er det slik at de faktisk har kjøpt desse våtdraktene for denne badeveka?

- Hehe, ja, det er faktisk det. Me kjøpte 20 stykk med tanke på desse dagane. Dei eldste elevane, som får vera med på desse badeturane, sett umåteleg pris på ein slik tur, og me hadde ikkje hjarte til å seia nei, berre fordi vêret ikkje innbydde til bading i vanleg badety, forklarer Johannessen.

Han legg til at våtdraktene blir gode å ha framover, også når elevane skal på padleturar med skulens kajakkar til hausten.

16 uthaldande

For å koma oss til Storholmen må Roar køyra to turar. Underteikna er med på siste overfart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel framme ved holmen er Lars Tore og 10 av dei andre elevane godt i gang med badinga. Her hoppar dei frå ei perfekt skrånande klippe, der elevane lett kan velja seg avsats etter kor høgt dei vil hoppa frå.

Gjengen i båten vår kan nesten ikkje venta med å koma seg ut av. Andrine Brunvatne Kvittingen og Dina Søvik Midthun hoppar like godt frå båten sym inn til land.

- No må me heile vegen vera sikre på at dei som alt har hoppa er komne seg trygt unna før me hoppar sjølv. Elles må ingen symja bort frå området rundt her, formanar Johannessen.

Inspektøren har ei fortid i marinen og ser ikkje ut til å lida nokon naud i det våte element.

- Sjå på Lars-Tore! Han er like ivrig som elevane, humrar båtførar Roar bak ryggen min.

Johannessen har hatt tre turar til Storholmen denne veka. Han er ikkje imponert over temperaturen i sjøen.

- Eg har bada i isbrevatn, så eg veit kva kaldt vatn er. Dette er ikkje langt unna. Her er det jammen meg ikkje meir enn 8-10 gradar, ler læraren.

Herlege line-ups

Etter kvart er alle 16 elevane blitt "varme" i trøya. Dei flest vågar seg til og med frå det høgaste partiet, vel 5 meter over vass-skorpa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No tek me ein lin-up for fotografen, så får me eit kult bilete i «Os og Fusaposten», seier Johannessen.

Med seg får han minst halve gjengen. Deretter hoppar dei på rekkje og rad frå det høgste punktet.

Vel nede i det våte element, byrjar nokon å finna meir roa enn andre.

- Våtdraktene gjer at me kan vera uti lengre utan å bli kalde. Problemet er når me kjem opp att. Då vert det grukaldt, seier Victoria Bjørgo Haarvei.

Og det er nett det ho byrjar å bli no når me gjer oss klare for å køyra tilbake til Søvikvågen ein halvtime etter.

Godt tips

Roar får båten på plan og pressar gassen i botn. Framfor oss kryp seks iskalde jenter i saman på dørken og prøver å finna ly for den kalde vinden.

Tilbake i Søvikvågen kjem Roar med eit velmeint råd.

- No har eg eit godt stalltips til dykk alle: Ta beina fatt, spring det de orkar opp på skulen og ta dykk ein god, varm dusj...enig?

Artikkelen held fram under annonsen.

-Mm, nynnar jentene, og gjer eksakt som Roar seier.

- Er det ikkje kjekt med elevar som følgjer lærarens råd, humrar Roar nøgd.

Sjå på Lars-Tore! Han er like ivrig som elevane.

Lærar Roar Haugsgjerd om kollegaen Lars-Tore Johannessen