Madeleine Hjertnes vart toppskårar med 5 mål.
Madeleine Hjertnes vart toppskårar med 5 mål.

Os-damene valsa over motstanden

Med 26 mål og berre 6 mot var det snakk om utklassing i Oshallen då Os-damene møtte Stryn sundag ettermiddag.

Sidan Os ligg vesentleg høgare enn Stryn på tabellen (4. plass mot 10.), var det ikkje overraskande Os som tok føringa og skåra alt i kampens første speleminutt. Hilde Røttingen fekk æra av å opna det som skulle bli ein målfest i Oshallen. Heile 9 mål sette heimelaget før Ingrid Dahl i kampens 25. minutt sette Stryn sitt første. Os-damene var både større og sterkare enn dei unge motstandarane som fekk køyrt seg skikkeleg.

Lagspel og enkeltprestasjonar

Andre omgang blei forma om lag etter same lesten. For kvart 5. mål osingane sette, greidde nordfjordingane å setta eitt. Heimepublikumet kunne gle seg over både solid lagspel og ein del glitrande enkeltprestasjonar. Lokalavisa merka seg blant anna eit fantastisk oppspel frå Vibeke Ingebrigtsen til Thiet Dang, som fekk Os-damene opp i 19-3. Bente Mjanger viste seg fram med god dribling og førte heimelaget opp i 20-3. Liv Pauline Lunde viste at ho kunne skyta knallhardt, då Os gjekk opp i 23-6. Sluttresultatet vart 26-6. Madeleine Hjertnes vart toppskårar med 5 mål, etterfølgt av Thiet Dang med 4.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenaren: Var best i forsvar

Trenar Trond Førde Eriksen var sjølvsagt nøgd med den solide sigeren, og gav særleg skryt til forsvarsspelet og målvakt Tiril Grønvigh. 

- Det er fort gjort å bli slappe bakover når motstanden ikkje er så god, men den fella går me ikkje, og det er veldig bra.

Offensivt meiner han derimot at Os-damene kunne vore endå hakket kvassare.

Målvakten til Os-damene stod fjellstøtt.
Målvakten til Os-damene stod fjellstøtt.
Tonje Hjertnes Rykkel i svevet
Tonje Hjertnes Rykkel i svevet

- Men med tanke på at motstanden var såpass laber, burde me ha greidd å skåra endå fleire. Ein del lysglimt er det, men me har meir å gå på der, sa Eriksen.