Endre Brenne sliter framleis med skader. Mot Tertnes måtte han nok ein gong av banen grunna trøbbel med beina.
Endre Brenne sliter framleis med skader. Mot Tertnes måtte han nok ein gong av banen grunna trøbbel med beina.

- Må sleppa oss meir laus

Det ble eitt poeng borte mot Tertnes i dag. Os-trenar Ørjan Håland meiner laget ikkje kan vera heilt nøgd med det.

- Etter ein knallstart på sesongen, ser det ut til at me har blitt litt for reserverte. Spelarane vågar ikkje sleppa seg heilt laust, og det verkar for oss som står på sida som at me ikkje heilt får ut potensialet om dagen, seier Håland.

Han er likevel rask med å leggja til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- l1-1 borte mot Tertnes er ingen krise, men det er litt irriterande å spela uavgjort mot eit lag som knapt skapte ein einaste sjanse heile kampen gjennom.

Vertane frå Åsane tok nemleg leiinga etter å ha blitt foræra eit straffespark av den så mykje omtala "billige" varianten.

- Det kom eit innlegg og bak i feltet fall Torkel Hjertnes og ein Tertnes-angripar. Det var visst nok til straffe. Noko ein illsint Torkel ikkje var mykje einig i, fortel Håland.

Løfta seg

1-0 stod seg til pause. Etter kvilen kom det seg.

- Me malte på og løfta oss bra etter pause, men me fann ikkje heilt ut av det djupe forsvaret til Tertnes, fortel Håland.

Heldigvis for dei gul-svarte klarte Emil Halver på assist frå Knut Spanglo Haga å ordna 1-1 i det 73. minutt. Dermed reiste ikkje osingane tomhende heim.

- Poeng er poeng. Me treng dei for å plassera oss høgt nok oppe til å vera med i neste års nye 3. divisjon, men elles er me som står på sida mest opptekne av å sjå framgang i spelet. I dag var det sånn passse. Me håpar på endå meir trøkk og fart når me tek imot Gneist til helga, seier Håland.

Ein dårleg nyheit i dag var at Endre Brenne nok ein gong måtte av banen grunna skade. Ein god nyheit var at nykomar Christoffer Hafsås fekk sin seriedebut med laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Christoffer er ein kapasitet og ein spennande spelar, som me gler oss til å få bruka meir i tida framover, avslutter Håland.